1. februar i år omkom Anette B. Mosdal (18) i ei trafikkulykke på Voss. Sjåføren er tiltalt for aktlaus kjøyring, men faren til Anette, politimannen Magne Mosdal, meiner bilføraren ikkje skal stillast for retten. Han har lidd nok.

Anette var passasjer i bilen til den 23 år gamle kjærasten sin. Bilen hadde tre piggdekk, men sommardekk på eit av bakhjula. På glatt føre kom bilen over i feil køyrebane på riksveg 13 ved Flatlandsmo Camping, og støytte mot ein møtande lastebil. Anette omkom, og kjærasten vart alvorleg skadd. Etter tre døgn i koma på Haukeland, og både fysisk og psykisk rekonvalesens, er han no på beina, men slit med etterverknader av hjerneskaden.

Opprivande

— Både eg og svigersonen min har mista det mest dyrebare vi hadde. Anette var lykkeleg hjå han. Eg synest ikkje at samfunnet treng straffa oss med ei opprivande rettssak, seier Magne Mosdal til Bergens Tidende.

Politimannen i Tyssedal omtalar bilføraren som svigerson, stundom som son. Anette var hans einaste dotter. Han har to søner, 21 og 15 år gamle, og ein bitte liten soneson.

— Føler du at også du vert straffa ved at bilføraren vert trekt for retten?

— Heilt klart. Eg bryr meg om han. Ei rettssak med synfaring på åstaden og vitneførsel er ikkje berre opprivande for han, men også for meg og mange andre pårørande.

Nok straff

— Korleis meiner du, som politimann og far til dødsofferet, at samfunnet burde reagera?

— I dette tilfellet synest eg at ei bot for ulovleg dekk-kombinasjon hadde vore ein høveleg reaksjon. Piggdekket var ikkje kome på plass att etter ei punktering. Aktlaus køyring elles, synest eg ikkje det er grunnlag for. Når det skjer ei ulykke, kan det alltid hevdast at farten var for høg etter tilhøva, elles hadde ikkje ulykka hendt. Men noko høg fart har ikkje vore nemnt ved denne hendinga. Det var glatt på vegen og eg ser på ulykka som eit hendeleg uhell i møte med naturkreftene. Når det ikkje er andre partar inne i biletet, synest eg ikkje at samfunnet har stor trong for å køyra ei straffesak. Anette ville aldri ha ynskt det.

— Men no er det teke ut tiltale, og Voss tingrett må fastsetta ein dato...

— Ja, diverre. Og det må vi akseptera. Livet må gå vidare, og er budd på å møta i retten. Eg skal læra meg å leva med smerten. Manglar livsgnist

Magne Mosdal vekslar mellom tvil og tru, fortviling og optimisme, i samtalen vår.

— Det du ser er eit skal. Innvendig er det smerte. Alt går på høggir. Utad prøver eg å bevara roen. Prøver å snu det meiningslause til noko meiningsfylt. Eg oppdagar stadig nye sider ved livet. Verdiane blir annleis, seier han.

— Eg er sosial, høyrer min eigen latter, men er aldri glad lenger. Manglar livsglød, men har lyst å hjelpa andre.

Så viser han oss eit visittkort, ferskt frå trykkeriet; a-b.motivasjon, står det øvst, med a-b.m i raud skrift, resten blått.

— Dei raude bokstavane er initialane til Anette. Eg har registert firma. Kanskje han eg hjelpa andre i liknande situasjon, undrast han.

Mosdal er takknemleg for at trygdesystemet fungerer, og skamrosar sjefen på politistasjonen i Odda, og kollegene. Han har eit godt støtteapparat på jobben.

— Jammen er eg glad for å ha jobb i Staten. Eg er no gradert sjukemeld og jobbar to timar kvar dag. Det er godt å få vera i jobb. Ha ein grunn til å stå opp om morgonen, og vera i systemet.

Amatørteater har had også heldt frem med.

Trudde det var småskader

Berre tre minutt før ulykka, snakka han med Anette på mobiltelefonen.

— Eg trudde det var snakk om småskader for Anette sidan ho vart køyrd til sjukehuset på Voss, medan kjærasten vart hasta til Haukeland. Då sjukehuslegen på Voss omsider var sikker på at det var faren han hadde på tråden, og gav meg den triste bodskapen, vart eg heilt tom. Alt fòr liksom ned i beina, fortel han.

Likevel tenkte han rasjonelt då han gav bodskapen vidare til dei andre pårørande. Mor si ville han ikkje varsla same kvelden, for då ville ho ikkje få sova om natta. Han venta til neste morgon.

Nær kontakt

— Anette er den siste eg tenker på før eg sovnar om natta, og den første eg tenker på når eg vaknar om morgonen. Det er som å ha mist ein arm. Han går ofte til Anette si grav.

— Eg seier ikkje grava. Eg seier at eg er hos Anette. Og snakkar med henne.

Han snakkar også med kjærasten hennar. 23-åringen skulle i sommar har reist til USA for å ta helikopterutdanning i Florida. Og Anette skulle vera med. Ho hadde jobb i sikte. No er flyging uaktuelt, og han har lyst til å bli lærar.

Mosdal og svigersonen har god kontakt. Det var ikkje opplagt, fekk svigersonen vita av psykologen på Nordåstunet. Det kunne gå to vegar; anten ingen kontakt i framtida, eller nærare enn nokon gong. Her har det siste slått til.

— Vi har begge eit spennande liv framfor oss, seier Magne Mosdal.

SØRGJER: Magnar Mosdal har nær kontakt med dottera sin kjæraste, som køyrde bilen då ho omkom. - Vi har begge mista det kjæraste vi hadde, seier han.
Rune Sævig