— Tilbakemeldingar frå elevar i Trondheim går ut på at dei synest det er positivt at helsesøster er tilgjengeleg til faste tider og at eit lågterskeltilbod er viktig, seier Mette Berntsen. Ho er rådgjevar for rådmannens fagstab i Trondheim kommune og jobbar med helsetenesta.

Eit forslag om å opprette eit liknande samarbeid i Hordaland blir ifølgje fylkesrevisjonen motteke einsidig positivt av dei spurte helsesøstrene. Men Berntsen meiner det er viktig å avgrense kva som er kven sitt ansvarsområde.

— Vi ser berre positivt på at andre vurderer å gjere som oss. Eit godt samarbeid med skulen gir god oppfølging ovanfor elevane, seier ho, men presiserer at begge partar må vere med i planlegginga for å bli samde om kva tiltak dei skal samarbeide om.

— Modellen frå Trondheim kommune kan bli aktuell å følgje også i Hordaland. Men då blir det tilpassa dei problem som finst her, seier Terje Olav Hermansen i kontrollutvalet.