• Toget vert lenger etter kvart. Her ute hoppar berre folk på under vegs.

Faneberar Svein Breistein har knapt nok 15 sambygdingar bak seg i det 17. mai-toget forlet ungdomshuset i Alverstraumen. Toget er ikkje akkurat noko storslått syn der det ruslar avgarde under ungdomslaget Samhold si nye fane.

Men langsetter vegen står folk i dei fleste aldrar klare til å hive seg på toget. Adrian Elvik (7), bror hans Even Andre Elvik og søskenbarnet Kai-Rudi Fjærøystår i finstasen og med nyinnkjøpte joggesko.

— No kjem dei mamma, no kjem dei, ropar, Kai-Rudi og spring for å hente søskena.

— Sjå kor lite toget er, innvender Adrian før han blir med på toget som seinare skal vokse frå 15 til 800 personar. Men først må det til Alversund.

Der blir dei møtt av toga frå Kvamsvågen og Alvermarka som stiller med eigne korps. Til saman blir det eit tog på rundt 800 menneske.

— I år går toget rundt gamle Tveiten, neste år går det over brua til Hillandsfeltet, medan det året deretter går til Alvermarka, seier Svein Breistein.

I Alversund er det tett mellom bunadane. Herrebunaden skal visst gjere stor suksess hos damene

— Hadde eg visst kor bra det er med bunad, hadde eg skaffa meg den lenge før. Det beste er alle dei fine damene som kjem bort og kjenner på bunaden og seier: å kor fin den er, seier Ole Godtfred Gangsøy.

Han kan nærmast garantere Kjetil Kvamme at han vil få stor suksess den nye bunaden som mor hans har sydd.

HELD SAMAN: Eit av dei minste 17. mai-toga i Hordaland gjekk frå Alverstraumen til Alversund. Under Ungdomslaget Samhald si nye fane, leia faneberar Svein Breistein sambygdingane fram til det store folketoget.
FOTO: MARITA AAREKOL