• Eg leid eigentleg inga naud dei to første døgna, men det tredje vart forferdeleg kaldt og vått.

ARNE HOFSETH

Arne Gjerde (34) frå Samnanger fortel gjerne om opplevingane sine då ein tre timars skitur på Vikafjellet vart til tre døgn i Stølsheimen, før han vart funnen av helikopteret.

Han overlevde i svært så primitive snøholer. Skavlane var ikkje store nok, og han hadde berre ski og nevar å grava med.

— Det gjekk hol i veggen på eine snøhola, men heldigvis var snøen såpass kram at holet kunne tettast, og eg kunne bygga tak, seier hardhausen til bt.no.

Gjerde fylgde eit snøscooterspor opp Sendedalen på Vikafjellet, men valde venstre i staden for høgre då sporet delte seg.

— Eg visste at sporet til høgre gjekk rett veg, for eg var her 2. påskedag i fjor. Men eg valde venstre for å prøva nytt terreng, fortel han.

Men den sterke milslukaren var komen langt inn i Stølsheimen før han innsåg at løypa han valde, ikkje svinga mot høgre og attende mot Vikafjellsvegen.

Han prøvde å senda tekstmeldingar etter hjelp, men svakt batteri og dårleg mobilsamband gjorde det umogeleg.