EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noUndersøkinga hadde tittelen "Holdninger til sikkerhet", og spørjeskjemaet vart sendt ut til samtlege tilsette i HSD-konsernet i mai og juni i fjor. Ei arbeidsgruppe oppnemnt av HSD-styret i kjølvatnet av "Sleipner"-forliset stod bak prosjektet. Svara frå dei tilsette var til å få bakoversveis av for den kriseramma HSD-leiinga. Slik er dei fire hovudkonklusjonane, formulert av selskapet som gjennomførte undersøkinga i praksis, Kontura Consulting: * "HSD har ikke en sikkerhetskultur".* "HSD har et ledelsesproblem".* "HSD har et problem i forhold til de innfusjonerte selskapene".* "HSD har en svak vertikal integrasjon samt et kommunikasjonsproblem". "Et forsømt arbeidsfelt" Dei tilsette i HSD meiner sikkerheitsoppfølginga i selskapet peikar seg ut som eit kriseområde. Det gjeld alle delar av konsernet: Bussdelen kjem verst ut, medan HSD Sjø er dei som er best nøgde.Sikkerheitsopplæringa får strykkarakter. "Dette må betraktes som et forsømt arbeidsfelt i selskapet", skriv konsulentane.Undersøkinga avslører også at dei som ikkje sit i leiar-stillingar er langt meir kritiske til gjennomføringa av realistiske sikkerheitsøvingar enn leiarane sjølve. Dei yngste mest kritiske Informasjonen internt om arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) får karakteren "ikke ivaretatt". Også oppfølginga av nestenulykker blir utsett for kritikk, medan opplæring og fagleg utvikling "oppleves som lite tilfredsstillende i HSD". Undersøkinga vart sendt ut til samtlege av dei ca. 1750 tilsette i HSD-konsernet. Berre snautt halvparten svarte. Den låge svarprosenten blir tolka som at mange kanskje stiller seg likegyldige til heile problemstillinga, eller som eit uttrykk for distanse mellom dei ansvarlege for undersøkinga og dei tilsette.Dei aller mest kritiske til HSDs sikkerheitsarbeid er dei yngste tilsette og dei som kjem frå selskap HSD har fusjonert med, som Vest Trafikk. Dei tilsette vart også bedne om å gje eigne, personlege kommentarar til sikkerheitsarbeidet i HSD. Desse er "generelt svært negative", skriv Kontura Consulting, som peikar på at det er påvist "en betydelig kommunikasjonskløft mellom nivåene i selskapet. Kommentarene underbygger alvoret i situasjonen for sikkerhet og ledelse." Høg tillit til kollegaer Midt i alt det svarte finst det lyspunkt også i HSD: Forholdet til kundar og publikum blir opplevd som positivt blant dei spurde, og tilliten til kollegane er høg. Det er heller ikkje funne teikn på at mobbing på arbeidsplassen er eit problem. Motivasjonen blant dei tilsette blir vurdert som god, og i HSD Sjø ser ansvarsforholda ut til å vere godt avklara. I HSD Sjø er dei tilsette også godt nøgd med sikkerheitsøvingane og informasjonen dei har fått om gjeldande instruksar.

LES OGSÅ: Glad for å få vite status