Den profilerte professoren og språkdebattanten i Bergen er svært kritisk til statsråd Kristin Clemet (H) sitt forsøk på å fjerne sidemålsstilen i norsk skule.

Willy Dahl meiner at det opphavlege framlegget var basert på fagleg inkompetanse, og at det eigentlege siktemålet er å fjerne nynorsken, ikkje sidemålet.

— Formelt sett gjaldt framlegget sidemålet. Men reelt sett veit alle at for denne regjeringa gjeld det å redusere stillinga til nynorsken, hevdar Dahl.

Trekkfag

Mens Clemet ville fjerne sidemålsstilen heilt, går stortingskomiteen inn for det såkalla sidemålsforliket, som skal behandlast i Stortinget torsdag.

Forliket inneber:

n Obligatorisk sidemålsopplæring i grunnskule og vidaregåande skule

n Nasjonale prøver i grunnskulen og vidaregåande

n Felles eksamensdag for hovudmål og sidemål i ungdomsskulen, med eigen karakter i kvar målform

n Sidemålet på vidaregåande blir gjort om til trekkeksamen (loddtrekning avgjer kva klasser som må avleggje eksamen i faget)

Sjølv om forliket er betre enn det opphavlege Clemet-framlegget, meiner Dahl at situasjonen blir forverra for nynorsk som sidemål.

— Hugs at utgangspunktet for forliket er politikarar som ikkje veit kva dei gjer, men gir etter for vulgærpopulistisk press, seier Dahl til BT.

- Begynn undervisning før!

— Men når så gale først har skjedd, er det opp til alle nynorskbrukarar og alle som underviser i morsmålet å utnytte dei moglegheitene som ligg i den nye situasjonen. Men med ein annan form for språkpedagogikk.

Blant anna tek Dahl til orde for å byrje å undervise i begge målformer langt tidlegare i grunnskulen.

— Start med 6-7-åringane! Ungar tek ting mykje lettare, og kan lære både to og tre språk utan problem.

<b>SVÆRT KRITISK:</b> Den profilerte professoren og språkdebattanten Willy Dahl er svært kritisk til statsråd Kristin Clemet (H) sitt forsøk på å fjerne sidemålsstilen i norsk skule. ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE