• Eg er i lag med nokon heile tida, seier Jens Gule (15). I kameratflokken går det i idrett og friluftsliv. Fjernsyn ser han knapt.

Tenåringen frå Sandane trur det stemmer at dagens unge brukar svært mykje tid saman med vener.

— Eg veit ikkje så mykje om kva ungdom elles i Europa driv på med, men i min kameratflokk er vi sosiale heile tida. Det går mykje i fotball, handball og friluftsaktivitetar, seier sandensaren.

Til fødselsdagen då han blei ti fekk han eit flugebindesett. I helga lærte 15-åringen vekk kunsten å binde fluger på vestlandsk villmarksmesse i Førde. Han har rigga seg til i villmarksleiren for born og unge som er laga til på plenen ved Førdehuset.

— Lyst til å prøve?, spør han ungane som har flokka seg framfor bordet. Søskena Synnøve (7) og Håvard Sunde (10) tek plass. Jens viser korleis dei skal kome i gang.

Sju år gamle Synnøve treng snart hjelp, å binde fluge var litt vanskeleg.

— Det kjekkaste eg veit er å lage ting, fortel ho.

— Kva du likar best å lage då?

— Pynt og sånn.

Kameraten Martin Slagstad (16) er ikkje noko ekspert i flugebinding:

— Nei, det er Jens som kan dette, seier han. Likevel prøver Martin å hjelpe til så godt han kan. - Her har vore full trafikk sidan vi sette opp bordet i dag tidleg.

— Når du likar å binde fluger, så likar du vel også å fiske?

— Eg fiskar utruleg mykje, både i sjø og ferskvatn. Det er ein av dei kjekkaste hobbyane mine, seier Jens.

— Kva med dataspel og fjernsyn?

— Eg spelar litt data, men ikkje så mykje. PC-en brukar eg eigentleg mest til å chatte på nettet. Fjernsyn ser eg fint lite på. Eg såg litt før, men no er det nesten aldri.

s.

Terje Ulvedal