Slik politiet har framstillt saka, er det nettop 61-åringen som er sjølve nøkkelen til å forstå det grufulle drapet. Men mannen nektar å ha noko med ugjerninga å gjere.

I går vart dei tre framstilt for varetektsfengsling i tur og orden i Bergen tingrett.

Kvar og ein fekk opplest ei sikting der det framgjekk at Asbjørn Hvidevold vart slått i hel med balltre i sin eigen heim medan hendene og føtene hans var surra med tape.

— Erkjent å ha vore der

Tre personar - ein far (61), ein son (26) og ein kamerat (19) - er sikta for overlagt drap, eller medverknad. Likevel må dei ha hatt svært ulike roller i tragedien som førte til at Asbjørn Hvidevold vart slått i hel med eit balltre.

Slik oppsummerte aktor, politiadvokat Kjetil Kvalvik, situasjonen etter at fengslingsmøta for alle tre sikta var slutt i Bergen tingrett i går:

— Det ytre hendingsforløpet er relativt klart. Det som gjenstår for oss er å plassere dei ulike gjerningane på kvar einskild av dei sikta.

Politiet sin påstand er at faren (61) sendte sonen og kameraten hans til Halsnøy for å drepe Asbjørn Hvidevold (60). Den sikta 61-åringen sjølv var ikkje med dei to andre til Halsnøy, og nektar eikvar befatning med saka.

Sonen har erkjent å ha vore på staden tirsdag kveld, og at han har deltatt i valdshandlinga.

Kameraten hans (19) nektar for å ha deltatt i sjølve valdsutøvinga mot Hvidevold. Han erkjenner berre å ha vore til stades.

- Aleine om å slå

I gårsdagens rettsmøte nekta alle tre skuld i siktinga på overlagt drap. Politiadvokaten kravde fire vekers varetektsfengsel for samtlege, men fekk berre fullt ut medhald for dei to yngste - som beviseleg var til stades under ugjerninga.

Tredjemann, den 61-årige faren som ifølgje politiet har beordra drapet, slapp med to veker i varetekt.

Alle tre er ilagt brev- og besøkskontroll og nekta tilgang på massemedia under fengslingstida.

Sjølv om alle nektar straffeskuld for den svært alvorlege tiltalen, var det 61-åringens son som gjekk lengst i å ta på seg ansvar for det som skjedde.

— Det stemmer at den eine av dei to yngste har tatt på seg mykje av skulda. Han erkjenner å ha banka opp avdøde, og at han var aleine om akkurat dette, sa politiadvokaten etter fengslingsmøtene lørdag.

Politiet har også funne balltreet som vart nytta til å skamslå Hvidevold med. Den yngste sikta fortalde kor dei hadde dumpa bagen med balltreet i, ved ferjeleiet på Ranavik. Fredag kunne politiets dykkarar hente opp bagen frå sjøbotn.

Telefonsamtalane

Medan bevisa synes å vere fleire mot dei to yngste sikta, er det meir uklart kva konkrete bevis politiet har mot eldstemann - ut over at det er ei forhistorie knytt til nettopp hans person som står sentralt som motiv.

— Eg kan ikkje sjå at politiet i heile tatt har noko bevis som knyter min klient opp mot gjerninga, seier 61-åringens forsvarar, advokat Nina Monssen.

— Det blir påstått at det var telefonkontakt mellom din klient og sonen hans medan denne var på Halksnøy drapskvelden?

— Ja, men pr. i dag har eg ikkje sett nokon som helst dokumentasjon på dette. Dessutan er det vel ikkje unormalt dersom far og son snakkar på telefonen nokre gonger ein kveld. Det beviser jo ingenting, seier Monssen.

- IKKJE BEVIS: - Eg kan ikkje sjå at politiet har noko bevis som knyter min klient opp mot gjerninga, seier 61-åringens forsvarar, advokat Nina Monssen. I bakgrunnen politiadvokat Kjetil Kvalvik. -26-åringen har tatt på seg mykje av skulda. Han erkjenner å ha banka opp avdøde.
Vegar Valde