Den 30 år gamle mannen er tiltalt for grovt narkotikabrotsverk.

Frå februar til april i år skal mannen ha oppbevart til saman 100 gram heroin i Bergen. 6. april beslagla politiet 29 gram av heroinet. Politiet meiner at mannen då allereie hadde selt ca 70 gram av det narkotiske stoffet.

Grovt narkotikabrotsverk kan straffast med fengsel inntil ti år.