Som aktor legg statsadvokaten opp til ei omfattande bevisføring, sjølv om den tiltalte Hassan Samriye Hashin har erkjent straffeskuld for forsetteleg drap.

— Vi må søke etter motivet for drapet i tiltalens post to, sa Soknes i sitt innleiingsforedrag.

Dette er tiltaleposten som omhandlar mishandling og valdtekt av Hedda like før ho vart drepen på hybelen sin i Sogndal. Dette er den delen av tiltalen som forsvararen ba retten om å avvise.

Tiltalte har heile tida nekta for valdtekt og mishandling.

<b>I RETTEN:</b> Rettssaka etter Sogndal-drapet starta i Sogn tingrett mandag. Fra venstre: politiadvokat Knut Broberg, aktor Bjørn Kristian Soknes og forsvarar John Knapstad.
Øystein Torheim