• Det var ein sjukdom som saug all energi ut av meg, seier Jarle Varpe.

For tre år sidan fekk den tidlegare redaktøren og no journalisten i avisa Firda legionella.

— Eg var skikkeleg trøytt, heilt inn til margen, seier Jarle Varpe.

Smitten fekk han truleg i seg på vinterferie i Barcelona. Då han kom heim til Førde og oppsøkte lege hadde han nærare 41 i feber.

— Legen reagerte umiddelbart og fekk meg innlagt, seier Varpe.

Frå Sentralsjukehuset i Førde gjekk turen vidare til Haukeland Universitetssykehus der han låg på intensivavdelinga i ei veke.

— Eg var ute av drift i lang tid, og var heilt sjukmeld i eitt år, fortel Varpe.