• Det løner seg ikkje økonomisk å slå saman kommunar, meiner Radøy-ordføraren og stør seg til forskningsrapportar.

Olav Steinar Namtvedt (Sp) er både ordførar og leiar i Regionrådet for Nordhordland. Han er skeptisk til tankane partifellen Jostein Vike målber om kommunestrukturen, og har mykje meir tru på å satsa sterkare på interkommunalt samarbeid.— Eg ser ingen grunn til at vi skal forhasta oss med tanke på samanslåing, for vi har nådd langt når det gjeld praktisk samarbeid over kommunegrensene, seier Namtvedt. Han nemner både innsamling av avfall, PPT, veterinærteneste og barnevern, og no etter kvart felles legevaktsentral og ambulanseteneste som er på prøvestadiet.- Eg er ikkje i tvil om at vi har fått ein meir effektiv og velfungerande region enn den vi hadde for nokre år sidan, meiner ordføraren.