Geir Walde, Gro Ritland og Eldbjørg Bjotveit seier til Hardanger Folkeblad at dei såg bjørnen 5 — 10 meter frå bilen på ein bratt grusveg.

Brått kom den lysebrune bamsen ut av skogen og vagga nøgd og roleg nedover vegen framfor bilen før han forsvann i skogen att. Ungane er åtvara mot å leika i skogen i området. Tidleg på 1970-talet var det tilsvarande observasjonar av bjørn i området rundt Lilleås og oppover mot Samlen ved Herand.

Viltoppsynsmann Sverre Tveiten seier at det er ein sensasjon om det er bjørn her. Han var ute og leita etter bjørnespor etter observasjonen sist veke, men fann ikkje noko.