«Sjølv om dei har mørkt hår, mørk hud og snakkar flytande arabisk, er dei ikkje robotar som blir styrte av fjernkontrollen til Amir Payan».

Peter Pareliussen, SV-medlem

— SV må vere eit parti der det er likt for alle, anten du heiter Achmed eller Ola, seier SV-medlem Peter Pareliussen.

Han opplyser at han er talsmann for 200 medlemmar i Bergen SV, som føler seg dårleg behandla av partiet. Ingen er etnisk norske. På vegner av gruppa har Pareliussen meldt to personar i Bergen SV til politiet på grunn av følgjande forhold:

  • Lekkasje til BA av sensitive opplysningar om 84 personar.
  • Fleire personar som har betalt medlemskontingent og fått kvittering, er sletta frå medlemslistene til Bergen SV. - Vi veit kven som har gjort det

Pareliussen seier at dei har gode grunnar til å tru at to personar i partiet står bak lekkasjen og sletting av medlemsnamn.

— At det har skjedd, er det ingen tvil om, og vi meiner at vi veit kven som har gjort det, seier Pareliussen.

- Kven er desse to?

— No er saka i politiet sine hender. Vi vil la dei få etterforske i ro og mak, før vi kommenterer kven det er.

Pareliussen seier at gruppa går til eit så drastisk skritt, fordi dei ikkje har fått gehør for si sak verken i sentralstyret eller Bergen SV.

— Derfor føler vi oss tvungne til å gå til ein offentleg etat, og dessutan kople inn Datatilsynet, seier han.

Saka er også sendt til Likestillings- og diskrimineringsombodet og Organisasjonen mot offentleg diskriminering.

— Dette handlar ikkje lenger om Amir Payan, men at over 200 personar i Bergen SV føler seg tilsidesette, og ikkje blir behandla på like fot med dei etnisk norske i partiet.

- Seier du at SV er eit rasistisk parti?

— Eg har høyrt slike skuldingar, men vil ikkje gå så langt sjølv. Men i denne saka har eg frå enkelte i partiet møtt fordommar som eg vil kalle eurosentriske eller kultursjåvinistiske.

- Ikkje fjernstyrte Payan-robotar

Pareliussen legg ikkje skjul på at dei fleste medlemmane han representerer, er blitt verva av Amir Payan.

— Men sjølv om dei har mørkt hår, mørk hud og snakkar flytande arabisk, er dei ikkje robotar som blir styrt av fjernkontrollen til Amir Payan.

Medlemslister i politiske parti er hemmelege. Pareliussen håpar at politiet vil finne elektroniske spor, som avslører kven som stod bak lekkasjane.

— Uansett kor usamde medlemmene er må dei følgje norsk lov, og helst også partivedtektene. Målet vårt er at Bergen SV blir eit 100 prosent integrert parti.

Det lukkast ikkje BT å få tak i leiaren i Bergen SV måndag kveld.