-
GJEKK I PROTEST: Amir Payan med seg støttespelarane sine, og forlet årsmøtet i Bergen SV i januar i år. Årsaka var at nyinnmelde medlemmar ikkje fekk godkjent medlemskapen sin. Arkivfoto: Tor Høvik
- SV må vere likt for Achmed og Ola
Støttespelarar for Amir Payan har meldt to personar i Bergen SV til politiet. - Dette er ingen hemnaksjon, seier talsmann Peter Pareliussen.
AV: kjersti mjør
Les også:
«Sjølv om dei har mørkt hår, mørk hud og snakkar flytande arabisk, er dei ikkje robotar som blir styrte av fjernkontrollen til Amir Payan».
Peter Pareliussen, SV-medlem
- SV må vere eit parti der det er likt for alle, anten du heiter Achmed eller Ola, seier SV-medlem Peter Pareliussen.
Han opplyser at han er talsmann for 200 medlemmar i Bergen SV, som føler seg dårleg behandla av partiet. Ingen er etnisk norske. På vegner av gruppa har Pareliussen meldt to personar i Bergen SV til politiet på grunn av følgjande forhold:
- Lekkasje til BA av sensitive opplysningar om 84 personar.
- Fleire personar som har betalt medlemskontingent og fått kvittering, er sletta frå medlemslistene til Bergen SV.
- Vi veit kven som har gjort det
Pareliussen seier at dei har gode grunnar til å tru at to personar i partiet står bak lekkasjen og sletting av medlemsnamn.
- At det har skjedd, er det ingen tvil om, og vi meiner at vi veit kven som har gjort det, seier Pareliussen.
- Kven er desse to?
- No er saka i politiet sine hender. Vi vil la dei få etterforske i ro og mak, før vi kommenterer kven det er.
Pareliussen seier at gruppa går til eit så drastisk skritt, fordi dei ikkje har fått gehør for si sak verken i sentralstyret eller Bergen SV.
- Derfor føler vi oss tvungne til å gå til ein offentleg etat, og dessutan kople inn Datatilsynet, seier han.
Saka er også sendt til Likestillings- og diskrimineringsombodet og Organisasjonen mot offentleg diskriminering.
- Dette handlar ikkje lenger om Amir Payan, men at over 200 personar i Bergen SV føler seg tilsidesette, og ikkje blir behandla på like fot med dei etnisk norske i partiet.
- Seier du at SV er eit rasistisk parti?
- Eg har høyrt slike skuldingar, men vil ikkje gå så langt sjølv. Men i denne saka har eg frå enkelte i partiet møtt fordommar som eg vil kalle eurosentriske eller kultursjåvinistiske.
- Ikkje fjernstyrte Payan-robotar
Pareliussen legg ikkje skjul på at dei fleste medlemmane han representerer, er blitt verva av Amir Payan.
- Men sjølv om dei har mørkt hår, mørk hud og snakkar flytande arabisk, er dei ikkje robotar som blir styrt av fjernkontrollen til Amir Payan.
Medlemslister i politiske parti er hemmelege. Pareliussen håpar at politiet vil finne elektroniske spor, som avslører kven som stod bak lekkasjane.
- Uansett kor usamde medlemmene er må dei følgje norsk lov, og helst også partivedtektene. Målet vårt er at Bergen SV blir eit 100 prosent integrert parti.
Det lukkast ikkje BT å få tak i leiaren i Bergen SV måndag kveld.
Les også
Siste fra Lokalt
- 22. januar i år skreiv BA at SV-politikar Amir Payan hadde masseinnmeldt 84 nye medlemmar til årsmøtet same kveld.
- BA ringde fleire, og konstaterte at mange ikkje snakka norsk, eller visste at dei var medlem av SV.
- Like før årsmøtet vedtok partikontoret i Oslo at lista på 84 namn ikkje kunne godkjennast, fordi kollektiv innmelding er i strid med SVs vedtekter.
- Dermed var Payan sjanselaus i avrøystinga, som tok frå han alle verv i Bergen SV.
- Amir Payan reagerte sterkt på at BA hadde fått tilgang til personopplysningar, og har kravd at SV sentralt granskar det som har skjedd.