• I dag er eg stolt over å vere frå Høyanger, seier Even-Asle Eide Simonsen (24), ein av heltane frå branndramaet i Høyanger.

— Det er vel historia med kvinna vi berga til slutt som gjer at eg blir framstilt som helten, seier han.

Tirsdag kveld kom meldinga om at tilstanden er stabil og ikkje lenger alvorleg for tre av pasientane som vart hardast råka etter brannen.

— Røykskadde blir friske, er meldinga frå Helse Førde.

Etterforskerne tror nå de vet hva årsaken til brannen er.

Oppdaga røyken

Det var mange som ønska å få Simonsen i tale mandag, ikkje minst frå media.

— Men alle som var med på dette dramaet er heltar. Innsatsen, og måten folk stilte opp på, var berre utruleg, understrekar han.

Les også: - Glad vi var vakne

Frå arbeidsstaden på restauranten på andre sida av elva som renne gjennom sentrum, oppdaga han røyken som velta ut frå omsorgsbustadene på Høyanger sjukeheim seint søndag kveld.

Minutt seinare, då han hadde fått meldt frå til alarmsentralen, slo flammane opp meterhøge. 24-åringen sprang så over brua for å hjelpe til med å redde ut dei eldre.

I lag med sambygdingen Jarle Berge og mannskap frå det lokale brannvesenet berga han fem personar ned frå ein veranda i tredje etasje. 24-åringen veit ikkje kor lenge han stod på verandaen.

— Men eg følte det var veldig lenge.

— Var det ikkje kaldt, det var mange minusgrader og brannvesenet pøste på med vatn?

— Først då var på veg ned stigen siste gongen, kjende eg kor kald og våt eg var.

I stige frå tredje høgda

I husværa innanfor herja flammane. Medan hjelpemannskapet og dei eldre stod på balkongen rasa taket saman.

Dei eldre personane blei løfta over rekkverket på verandaen og hjelpte ned i ein stige.

— På bakken stod to karar og heldt stigen opp frå bakken med rå armstyrke, det var nemleg så skrått og ulendt på staden at det ikkje gjekk an å få sett opp stige på vanleg vis, fortel Simonsen.

Fleire av dei eldre, den eldste over 90 år, måtte støttast ned. Den siste som blei evakuert, ei kvinne, såg dei inne i eine husværet. I røyken gjekk ho rundt utan å finne vegen ut. Simonsen gjekk ned med kvinna i fanget, medan han tviheldt hendene om stigen.

På eit informasjonsmøte i Høyanger i ettermiddag nytta politi og brannvesen høve til å dele ut ros til alle dei som deltok under redningsaksjonen.

— I dag er eg stolt over å vere frå Høyanger, seier Simonsen.

Roar Christiansen
Rune Sviggum, Ytre Sogn Avis/SCANPIX