Korkje ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik eller rådmann Einar Hauge vil kommentera skuldingane. Dei treng tid til å gå gjennom den tjukke bunken med dokumentasjon som professor Ole Didrik Lærum og tidlegare SV-politikar i Bergen, Ågot Himle leverte på Kundetorget i Voss Tinghus i dag.

Lenkegjeng

Denne gruppa vart ikkje høyrt då Dolvehuset (tidlegare skifabrikk) og Voss Enkjeheim vart rivne på nattestid. Saman med Ivar B. Løne lenka Ågot Himle seg fast i Enkjeheimen då det 108 år gamle huset vart rive 6. oktober 2008.

Dei vart fjerna av politiet under mykje oppstyr. Gruppa vann heller ikkje fram med klage i ettertid, fordi dei ikkje har rettsleg interesse i saka, og dessutan leverte klagen eit par dagar for seint.

Dagens dokument er utarbeidd av ei rekke ekspertar, som meiner rapporten gir det kommunale kontrollutvalet og Fylkesmannen høve til å ta opp saka «på eige initiativ».

Økonomisk utruskap

Med utruskap meiner ikkje interessegruppa at nokon har stappa pengar i eigne lommer, men straffebodet gjeld også der andre kan ha skodd seg.

Difor ber gruppa om rask sakshandsaming av omsyn til foreldingsfristane i straffelova.

Bakgrunnen er hopehavet med Stor-Bergen Boligbyggelag om det halvkommunale Voss Bustadutvikling, eit selskap som skulle avhjelpa husnaud under satsinga på språkteknologi, dataeventyret som enda i mareritt og konkurs.

Også Voss Eigedom AS omtala i rapporten. Dette er eit heileigd selskap med kommunale tillitsvalde og tilsette i styret. Dessutan er stiftinga Sosialbygget er inne i biletet med kommunalt valde styremedlemer.

Interessegruppa ber spesielt om gransking av rollene til ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik, tidlegare varaordførar Kjellaug Ekse Brekkhus, rådmann Einar Hauge og tidlegare assisterande rådmann Olav Auganes.