— Krava som helseministeren har stilt for å gå med på endringane, er i realiteten det same som å løfte peikefingeren. Helseministeren har sett strenge vilkår, som ikkje ein gong er omtala i vedtaka gjort av helseføretaket. I alle fall ikkje i vedtaket frå Helse Førde. Sjukehusvesenet på Vestlandet gjer lurt i å ta inn over seg pålegga dei no har fått, seier Sandal.

Stortingsrepresentanten har kjempa hardt mot endringane i den statlege sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane. Men etter at helseminister Dagfinn Høybråten i føretaksmøte onsdag stadfesta nedleggingsvedtaka, innser Sandal at toget er gått.

Fredag freista Senterpartiet å reise saka i Stortinget, men det enda med fiasko. Berre eit halvhjarta SV gav støtte til framlegget, som enda med å bli trekt.

— Det er ikkje aktuelt for Stortinget å gå inn i enkeltsaker på den måten det var lagt opp til gjennom dette framlegget. Etter det som har skjedd denne veka er realitetane at helseministerens vedtak i føretaksmøtet blir ståande, slår Sandal fast.

Fødeavdelinga ved sjukehuset i Lærdal blir dermed omgjort til ei jordmorstyrt fødestove, og sjukehuset i Florø lagt ned i si noverande form.

I Florø er Helse Førde pålagt å gjennomføre eit pilotprosjekt for å etablere eit offentleg nærsjukehus. Dette skal skje i samarbeid med aktuelle kommunar, i praksis Flora og Bremanger. Ved omlegging til fødestove i Lærdal strekar statsråden under at legane i vakt må ha kompetanse til å utføre keisarsnitt. Høybråten set også som krav at endringane i Florø og Lærdal ikkje må føre til at kommunehelsetenesta får auka oppgåver, utan at dette er avklara på førehand.

Sogn regionråd har fått gjort ei juridisk vurdering av vedtaket om å leggje ned føden i Lærdal. Konklusjonen er at vedtaket kan ha blitt gjort på sviktande grunnlag, fordi omsynet til kommunehelsetenesta ikkje er vurdert.

Reidar Sandal seier han vil følgje nøye med på kva Helse Førde og Helse Vest gjer for å oppfylle vilkåra helseministeren har sett:

— Helse Vest har fått ein frist til 1. november med å dokumentere at desse krava blir oppfylte. Dersom rapporten som då ligg føre ikkje oppfyller vilkåra, blir det ei anna sak enn å overprøve enkeltvedtak. Då kan sjukehusendringane i Sogn og Fjordane fort bli ei sak Stortinget vil sjå på.