— Vi er rimeleg sikre, etter å ha snakka med vitna som skildrar den sakna i detalj, seier Stub Nilsen i dag.

— Uavhengig av kvarandre skildrar dei mange detaljar som passar. Og når det er så til dei grader usikkert kor han har blitt av, så nyttar det ikkje å halde i gang ein storstila leiteaksjon i eitt lite område. Vi avblåste aksjonen fordi vi var rimeleg sikre på at han var komen ned frå fjellet i god behald.

Stub Nilsen har ikkje noko konkret svar på kvifor dei sentrale vitna aldri fekk sjå eit bilete av den sakna, slik at all tvil kunne vore unngått.

For dersom det ikkje var Roman som haika til Briksdalen, ville det naturlege ha vore å leite i området der den andre observasjonen vart gjort: Rundt Vågset sag i Masfjorden.

Den ligg på vestsida av E 39. Men her var det aldri nokon som leita. All leiting etter Roman skjedde i fjella på austsida av vegen.

Interpol har no overtatt ansvaret for saka Roman Cernohlavek. Han er meldt sakna i heile Europa.