Alle journalistar og fotografar var plassert heilt bak i festsalen. Dei negative tilbakemeldingane har komme på fotografar som klatra i ribbeveggene for å komme i posisjon for å fotografere, stolar som blei flytta på og kamera som klikka i eitt.

— Sjølv sat eg lengst framme, og merka lite. Men vi har fått sterke tilbakemeldingar frå dei som sat bak, stadfestar dekan ved høgskulen i Førde, Eva Marie Halvorsen.

— Kva har studentar og personale sagt om det dei opplevde?

— Rett og slett at ein del pressefolk oppførte seg respektlaust.

I utgangspunktet ville høgskulen berre at eit avgrensa tal media skulle få dekke minnehøgtida. Men til slutt fekk alle lov til å komme. Bakarst i festsalen stod det difor tettpakka med pressefolk.

— Trass alt trur eg vi gjorde rett då vi let alle komme inn. Og det som har stått på trykk eller blitt sagt i etermedia, har vi ingen merknader til, seier Halvorsen.

Fleire studentar har dessutan reagert på at journalistar sprang etter dei då minnestunda var slutt.

— Det var studentar som gjorde det klart at dei ikkje ville snakke der og då, men likevel blei dei fotfølgde av journalistar. Fleire har opplevd det som ekkelt, seier Halvorsen.