Det CTA-selskapet som har levert renseanlegga i Norge er konkurs, men Anderl opplyser at han driv vidare på den utanlandske marknaden under namnet CTA Europa. Blant anna hevdar han å ha på gang ein leveranse til Madrid i Spania verd 174 millionar kroner.

— Eg har bevist at min teknologi fungerer som føresett, seier Anderl.

— Det er opp til Vegdirektoratet å ta den i bruk.

— Men dei hevdar at anlegga er svært brannfarlege?

— Det er berre tull. Det einaste dei må gjere, er å skifte ein kabel. Den nye typen kabel som vi leverer er godkjent til dette bruket. Får vi skifte kabelen, det skal koste 40.000 kroner, så kan anlegget i Lærdalstunnelen gå. Men det verkar som om vegvesenets folk heller vil reise rundt i verda på seminar enn å oppgradere og drifte desse anlegga, seier Anderl.

Han hevdar at det er direkte helsefarleg å kjøre Lærdalstunnelen slik støvmengda er i dag. Vidare hevdar han at gassrens-anlegget i tunnelen, som er levert av eit anna firma, aldri har vore i bruk.

— Det skal starte automatisk når gasskonsentrasjonen kjem over eit viss nivå. Men det har aldri vore over denne grensa, og følgjeleg har aldri anlegget blitt brukt.

Han meiner at alle CTA-filtra vil fungere med små utbetringar.

— SINTEF i Trondheim har godkjent den nye kabelen som trengst, og med den er mine anlegg heilt i orden. Det er drift og vedlikehald som er problemet, seier Hans Anderl i CTA Europa.