— Det kan verta kø, åtvarar Tore Pedersen, vaktoperatør hos Statens vegvesen.

Han oppmodar difor alle som skal heim på juleferie om å rekna litt ekstra tid.

— Alt er i rute no, og det er ikkje kø verken på vegar eller ferjer, seier han til BT tidleg fredag ettermiddag.

Det er berre Hardanger ein på førehand veit kjem til å verta stengd. Der stengjer vegen veslejulaftan om kvelden klokka 23.30, og vegen opnar ikkje att før tysdag 27. desember klokka 07.00. Sameleis vert det i nyttårshelga. Då stengjer vegen klokka 15.00 nyttårsaftan og opnar 3. januar klokka 07.00.

— Dette er julestenging for at dei som jobbar som brøytemannskap skal ha moglegheit til å reisa heim. Når dei er på jobb på Hardangervidda, bur dei nemleg der oppe, seier Pedersen.

Dersom det vert strålande vêr kan vegen verta opna att måndag i både jule-og nyttårshelga.

— Og likeeins er det ikkje sikkert vegen vert opna tysdagane dersom vêret er skikkeleg gale, fortel Pedersen.

Elles er dei andre fjellovergangane førebels opne, og i låglandet er det greie kjøreforhold.