— Dette er forkasteleg etter dyrevernlova paragraf 15, som seier at det er forbode å bruke dyr i reklame. Det er ikkje slik ein skal bruke dyr, seier Skjelde til Bergens Tidende.

I samband med Ekstremsportveko spraya vossabonden Løne stor Bula-logo på kyrne sine, i samarbeid med kompisen Hans Engelsen Eide, som er importør av det amerikanske klesmerket.

Kyrne har fått stor merksemd. I tillegg til omtalen i Bergens Tidende i går, har det vore innslag på TV 2. Og i går var Løne både i NRK-programmet Norgesglasset og i radiodebatt med bondelaget og reklamebransjen i NRK Møre og Romsdal.

- Ikkje bra

Løne fortel at han og Engelsen Eide er svært nøgde med PR-stuntet.

— Han fekk det nett som han ville. Det var nettopp dette vi diskuterte, seier han. Honoraret er ikkje bestemt, men Løne seier at han er blitt lova skikkeleg betaling. Ola Skjelde er langt frå imponert.

— Dei meiner vel det er eit stort skup. Vel, vel. Dette er ikkje ei bra sak, seier veterinæren.

Etter oppmodingar besøkte han Bula-bonden Løne i går.

— Reklame på dyr er ulovleg i det offentlege rom, og vegen går heilt opp i kyrne, påpeikar Skjelde.

Bonden slapp unna med ei åtvaring. Målinga er vassbasert, og vert vaska av ved neste regnskyll.

— Men det er klart at vi kjem til å setje foten ned dersom dette held fram, seier Skjelde.

Kontakta giftinformasjonen

Skjelde var i kontakt med giftinformasjonen i går for å høyre om målinga kan skade kjøtet.

— Tilbakemeldinga var at vassbasert måling ikkje går gjennom huda, og at det er lite truleg at stoffet går inn i næringskjeda. Men skal dette bli ein trend, og ein byrjar bruke anna måling, kan det bli kaos, trur Skjelde.

Bonden konkluderte på jordnært vossavis etter besøket av Mattilsynet:

— Ja, ja. Han tok no ikkje med seg verken meg eller dyra...