Hashin fortalde i tingretten i går at han var fleire plassar rundt om i Europa, før han blei pågripen i den nederlandske byen Zwolle 7. januar.

Men politiet festar ikkje lit til historia. Påtalemakta meiner han hadde kjenningar i Nederland, at han reiste til desse og fekk hjelp til å skjule seg.

Politiet trur heller ikkje at han hadde eit ønskje om å bli arrestert, slik han hevda i retten i går. Hashin forklarte at han alt same dagen han rømde frå Sogndal, vurderte å melde seg. Dette skjedde då han var på politistasjonen for å få nytt pass, men han fekk seg ikkje til. Månadene i utlandet karakteriserte han som forferdelege. Han hadde ikkje noko liv. Han tigga seg til husrom hos somaliarar han møtte, og brukte det narkotiske stoffet kat.

— Politiet redda meg. Hadde eg ikkje blitt pågripen, hadde eg ikkje vore i live, sa Hashin.

— Vi registerer det han seier. Utover det ønskjer ikkje å kommentere dette nærare, seier statsadvokat Bjørn Soknes.

Etter det Bergens Tidende veit, sit politiet på materiale som indikerer at Hashin hadde planar om å melde seg.