Opposisjonsleiaren synest det kan vera interessant å leggja arbeidspolitikken og sosialpolitikken i eit felles departement, men det er innhaldet i politikken som betyr noko. Korleis det blir organisert har mindre å seia, meiner Stoltenberg.

— Regjeringa si line er eit mindre inkluderande arbeidsliv, og går til åtak på arbeidsfolk sine opparbeidde ordningar. Kort sagt meir usosialt. Det kan ikkje kamuflerast, seier han.

— Kommentar til dei andre endringane i regjeringa?

— Dei må berre styra på og byta statsrådar så mykje dei vil. Mitt mål er å byta ut heile bunten etter neste val, seier Jens Stoltenberg.

Stå på, Erna!

Partileiaren hausta applaus då han på LO og Ap si fagleg-politiske mønstring i Ulvik tok for seg Erna Solberg sine åtvaringar mot Den raude fare.

— Dette er den nye Høgre-leiaren sin første store boomerang. Han slår attende med stor kraft. Sidan ho sa det, har Høgre gått attende, Ap fram, påpeika han.

— Men Erna Solberg har for så vidt rett. Vi er raude, og vi er farlege - for høgrekreftene, sa Jens Stoltenberg. Der Erna Solberg ser raud fare, ser han solide samfunnsbyggjarar som set fellesløysingane høgt. Dei på den andre sida, dei som heller vil ha skattelette for dei rike, framfor til dømes ei bru, kunne vore omtala som den blå faren, men det ville han ikkje seia. Sa han. Han mislikar slike karakteristikkar. Sa han også.

Mikke Mus-kontrakt

AUF i Hordaland nytta høvet i Ulvik i går til å inngå ein avtale med Stoltenberg. Han blir «Æres-Mikke Mus» i AUF som lover å jobba hardt i valkampen 2005. Som motyting må det første han gjer som statsminister vera å innattføra Ungdomsgarantien som sikrar alle under 25 år arbeid eller utdanning.

AUF ser på Mikke Mus som eit godt føredøme. Han er ansvarleg og uredd, modig og klok, og den som syter for stabilitet i Andeby. Stoltenberg let seg ikkje be to gonger. Nestleiar Ragni Løkholm Ramberg i AUF i Hordaland fekk straks den forpliktande signaturen på papiret.

— Kjell-Magne har vore husokkupant for lenge. Nå vil vi ha Jens attende der han høyrer heime, på Statsministerens kontor! sa Ramberg.

BLANT SINE EIGNE: Fagorganiserte flokka seg om Jens Stoltenberg på Promenaden i Ulvik under kaffipausen i går.