Valekrossen skule ligg ved Valen sjukehus. Skulen gjev undervisning til elevar med psykiske problem. Elevane er både ungdommar og vaksne. Skulen hadde 47 elevar ved inngangen til dette året.

— Når fylkeskommunen seier at dei først og fremst skal gje opplæring til elevar mellom 16 og 25 år, så spør vi oss kva som skal skje med elevane som er eldre enn dette. Desse vaksne elevane utgjer halvparten av elevflokken vår. Skal ikkje skuletilbodet for desse gjelda lenger?, spør Magne Fitjar, som er tillitsvald for Utdanningsforbundet ved skulen.

Grunnen til denne uroa er fylkeskommunen sitt «program for økonomisk handlefridom». Kort sagt går det ut på å snu alle steinar på leiting etter måtar å spara pengar på. På skulesektoren er dei på sporet. Fylkeskommunen tolkar lovverket slik at staten i røynda har ansvaret for opplæringa av mange elevar som er innlagte på statlege helseinstitusjoner.

Definerer bort ansvaret

Fylkesutvalet vedtok for nokre dagar sidan ei innstilling til fylkestinget, der det heiter at fylkeskommunen skal ta opp samtalar med Helse Fonna om deling av ansvaret for elevane ved Valekrossen skule.

I Bergen er noko tilsvarande på gang. Der gjeld det elevar ved Kyrre skule og Ulriken skulesenter, avdeling Vestlund og Logopedisk klinikk. Der prøver fylkeskommunen å få til ei ordning med Helse Bergen. Fylkestinget tek endeleg avgjerd i desse sakene på møtet i Eidfjord 7. og 8. juni.

— Vi har ingenting i mot at fylkeskommunen diskuterer finansieringa av dette med andre. Men slik eg ser det, er opplæringslova heilt klår. Ansvaret for desse elevane kviler på fylkeskommunen. Og lova gjer ikkje noko unntak for vaksne elevar som treng opplæring, seier Magne Fitjar.

Han meiner at når fylkeskommunen viser til uklårt lovverk, så prøver han å definera seg bort frå ansvaret.

- Ingen misser tilbodet

Og Magne Fitjar har ingen illusjonar om kva fylkeskommunen vil gjera dersom Helse Fonna og Helse Bergen ikkje går med på å ta økonomisk ansvar for desse elevane.

— Vi har sett korleis det går. Opplæringa for psykisk utviklingshemma vert skoren inn til beinet.

Men leiaren i opplæringsutvalet i fylket, Roald Stenseide, Frp, seier til Bergens Tidende at ingen av dei elevane det gjeld skal missa tilbodet dei har.

— Men det finst gråsoner i lovverket. Og det vi er opptekne av, er å få plassert det økonomiske ansvaret der det høyrer heime. Mange fylkeskommunar gjer det no på same måten som oss. Vi meiner det er viktig å få det finansielle på plass, seier Stenseide.

— Men fylkeskommunen er oppsett på å spara pengar. Dersom Helse Fonna og Helse Bergen ikkje vil dela ansvaret med fylkeskommunen, vil fylkeskommunen då skjera ned tilbodet til desse svake gruppene for å spara pengane?

— Det kan vi ikkje svara klårt på no. Saka må då attende til politikarane, svarar Stenseide.

Sakene om Valekrossen skule, Kyrre skule og Ulriken skulesenter skal opp i fylkesutvalet torsdag 19. mai. Fylkestinget avgjerd esse sakene i juni.