Hilde Kristin Strand

Raset skjedde søndag ettermiddag. Høynes låg saman med familien og om lag 40 andre på ei badestrand om lag der Eidfjorden går over i Simadalsfjorden.

Alt var idyllisk heilt til badegjestane høyrde ein lyd. På motsett side av fjorden, der fjellet går rett i fjorden, rasa steinmassar nedover.

– Me høyrde buldring og såg svære steinmassar som kom nedover. Trea knakk som fyrstikker, seier Høynes.

– Det høyrdest først ut som eit skot frå ein kanon. Alle som var på stranda kvapp og reiste seg raskt opp. No kjem flodbølgja tenkte me, fortel augevitnet.

Ein del av steinmassane hamna i sjøen, medan noko stoppa før det kom så langt.

Høynes trur raset kan har vore 10-15 meter breitt då det starta, men utvida seg etterkvart.

Total rasstrekning trur han kan vera 300-400 meter.