• Pengemangel fører til rasering av ungdomstiltaka i kommunane, meiner Henning Jacobsen, dagleg leiar i Landsforeningen Ungdom&Fritid.

I Førde kan Skrivarløa, einaste offentlege tilbodet retta mot uorganisert ungdom i kommunen, bli lagt ned. Allaktivitetshuset blei etablert i 1993, først og fremst mynta på ungdomsgrupper som fell utanom tradisjonelle aktivitetar i foreiningar og lag. Årleg har rundt 4000 unge vore innom som brukarar.

Men frå neste år kan det vere slutt. Ungdomstiltaket går med i dragsuget når det skal sparast 12 millionar kroner for å få kommunebudsjettet i balanse. Også fire stillingar for miljøarbeidarar er føreslått fjerna.

Ikkje pengar til å førebygge

— Eg har ingen problem med å beklage at vi må inn på slike tiltak. Men vi har altså rett og slett ikkje pengar. Skal vi klare å presentere eit budsjett i balanse, må vi fjerne tilbod, seier Førde-rådmann Asbjørn Schei.

— Men er ikkje dette å spare ei krone i dag mot å få att store utgifter i framtida?

— Det er heilt sikkert rett. Men vi har ikkje økonomi til å forhalde oss til slike problemstillingar. Vi har ikkje råd til å tenkje førebyggande.

Samstundes understrekar rådmannen at det skjer svært mange ungdomsaktivitetar knytta til Førdehuset.

— Men det er rett at dette er einaste reine kommunale fritidstiltaket for ungdom i Førde. Vi vil prøve å halde oppe ein viss aktivitet, og ser no på korleis vi kan greie det, seier Schei.

Kortsiktig tenking

Skrivarløa i Førde er berre eit døme på at kommunane kuttar der dei kan, i førebyggande tiltak for born og unge.

— Nedlegging av desse tiltaka skjer mot betre vitande. Det er ein konsekvens av kortsiktig økonomisk tenking. Nokre kroner blir sparte no. Men det vil komme att i form av doble utgifter om fem-ti år, meiner Jacobsen.

Den første norske fritidsklubben blei stifta for 50 år sidan. No er over 400 fritidsklubbar og ungdomshus over heile landet medlemer i organisasjonen Jacobsen leiar. Nærast dagleg får dei meldingar om fritidsklubbar og aktivitetshus som må redusere eller blir føreslått avvikla.

— Eg trur jubileumsåret vårt kan bli eit tungt år. Det verste er at alle politkarane vi snakkar med, sjølve syns det som no skjer er for ille.

Henning Jacobsen poengterer at det stort sett er uorganisert ungdommen som blir fanga opp gjennom fritidsklubbar og allaktivitetshus.

— Akkurat den ungdomsgruppa alle er mest uroa for, er dei som no blir hardast råka av kutt, seier han.

Finn dei att på gata

— Å måle resultat av slike tiltak er veldig vanskeleg. Men eg føler meg sikker på at Skrivarløa har hatt ein effekt i å hindre at ungdommar hamnar på skråplanet. Har dei klart å redda ein, er det i grunnen nok, kommenterer lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn.

Til Bergens Tidende seier lensmannen at det er sterkt å beklage dersom tilbodet rundt Skrivarløa forsvinn.

— Den uorganiserte delen av ungdommen har ikkje andre tilbod. Spørsmålet vi stiller oss er om vi no også vil finne dei ungdommane som har brukt Skrivarløa i sentrum. For det er sentrum det blir sokna til, områda rundt bensinstasjonar, gatekjøkken og handelshus. Der ventar dei på at noko skal skje.