- Rasehygienen er tilbake
Mangfald er på moten, men kravet til normalitet er skjerpa, meiner forskar.
- Det er blitt mindre toleranse for å vere annleis dei siste tiåra. På nokre felt har toleransen truleg auka, men på andre område er det blitt trongare, seier forskar ved Rokkansenteret Jan-Kåre Breivik.
Laurdag fortalde BTMagasinet om Astri Solås som er kortvaksen og leiar i Norsk interesseforening for kortvokste. Ho høyrer til ei gruppe der langt frå alle reknar seg som funksjonshemma. Samstundes opplever mange stigmatisering og diskriminering. Solås opplever omgrepet «dverg» som krenkjande.
Normalitetstyranniet
Breivik står i spissen for ein nasjonal konferanse om funksjonshemming i Bergen i oktober der tema er «normalitetstyranniet». Ifølgje Breivik er kravet til normalitet meir påtrengande i Noreg enn mange land det er naturleg å samanlikne seg med.
Les også kommentar: Like som erter Like som erter
- Sett på spissen kan vi seie at rasehygieniske tankar er tilbake. Rasehygiene vart på 1930-talet sett på som vitskapeleg og var utbreidd i Noreg. Sjølv om sosialdemokratiske regjeringar i etterkrigstida har tatt avstand, var helsepolitikken i mange tiår prega av dette - av tanken om å dyrke fram ei sunn befolkningsmasse, seier Breivik.
Han meiner tradisjonell folkehelsetenking, og med den normalitetstyranniet, har fått fornya styrke. Røykjelova og fokuset på overvekt og ernæring er døme på dette.
Genforsking
- Medisinsk forsking har samstundes skapt ei heilt ny oversikt over genmaterialet vårt. Moglegheitene for å styre folkehelsa aukar, til dømes gjennom tilbod om selektiv abort.
Breivik peikar på at stadig fleire sosiale problem og tilstandar blir diagnostiserte, blant anna dysleksi, ADHD og ein del psykiatriske diagnosar.
- Dess fleire diagnosar, dess sterkare krav til normalitet. Å vere dyslektikar eller ha ei lettare form for bipolar liding, til dømes, blir til avvik. Men ein diagnose kan vere positivt i forhold til å utløyse ressursar som gjer det lettare å klare seg, seier han.
Døv politikk
Sosialantropologen har forska på funksjonshemming og minoritetsspørsmål i mange år, særleg knytt til døve. I fjor kom han med boka «Døv identitet i endring».
Norske helsestyresmakter tilbyr i dag alle døve barn Cochlea-implantat (CI) som gjer det mogleg å utvikle hørsel og talespråk gjennom intensiv hjelp og trening.
- Men når dei fleste vel Cochlea-implantat for barna sine og i tillegg vel einsidig norsk taletrening, er dette uttrykk for ei ekstrem normalisering. CI gir ikkje «normal» hørsel og barna treng å lære teiknspråk så tidleg som mogleg for å kunne utvikle eit fullverdig språk. Det er ein føresetnad for læring av anna språklæring, seier Breivik.
Meiningar om saka? Diskuter her!
Les også
Siste fra Lokalt
Rasehygiene
- Rasehygienen spring ut av eugenikken, som går ut på å hindre utbreiinga av uønskte arveanlegg.
- På 1900-talet vedtok mange land lover om tvangssterilisering. Det gjekk blant andre utover sinnslidande, homofile og epileptikarar.
- Noreg vedtok lov om tvangssterilisering i 1934. Lova vart først oppheva i 1977. I denne perioden vart over 40.000 nordmenn steriliserte, 900 utan eige samtykke.
- Rasehygiene var sentralt i nazistisk ideologi.
Kjelder: Store norske leksikon, Legeforeningens forskningsinstitutt
Relaterte bilder
FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
FOTO: PAUL S. AMUNDSEN