• Raftoprisen gjer meg audmjuk. Eg tenkjer på alle dei som har ofra livet, og tek imot på vegner av dei, seier Paulos Tesfagiorgis til BT.

Torsdag kom Raftopris-vinnar Paulos til Bergen. Den tidlegare fridomskjemparen har i meir en 20 år arbeidd for menneskerettar og demokrati i Eritrea.

— Hadde du høyrt om Raftoprisen før?

— Nei, aldri. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle meina då eg fekk meldinga om prisen. Men så fekk eg høyra lista over tidlegare prismottakarar. No er eg svært audmjuk i høve til å få denne prisen, seier Paulos.

Paulos Tesfagiorgis har lenge hatt eit forhold til Norge. Hit kom han først i 1976, og sidan har han vore her årleg i møte med Kirkens Nødhjelp, Raude krossen og andre organisasjonar.

— Korleis har det seg at du, som kjem frå eit slikt blodig hjørne av verda, har valt ein konsekvent ikkjevaldeleg kamp?

— Eg har vore heldig. Gjennom det humanitære arbeidet kom eg tidleg i kontakt med organisasjonar som sette menneskerettar og demokrati i høgsetet, seier Paulo.

— Husk at vi er ein liten nasjon, berre 3,5 millionar menneske tett knytte saman med sterke familieband og ein lang fridomskamp. Eg har tru på at vi kan skapa ei demokratisk framtid, legg han til.

<b>VIKTIG PRIS:</b>Torsdag kom menneskerettsforkjemparen Paulos Tesfagiorgis til Bergen for å ta imot Raftoprisen. Han seier prisen har mykje å seia for kampen for demokrati i Eritrea.
EIRIK BREKKE