Jon Bolstad, direktør i Helse Førde, har brukt rundt 590.000 kroner på designmøblar av merka USM Haller og Walter Knoll. De skal stå på sjefskontoret og møterommet i helseføretaket, skrev Dagbladet i går.

– Det var vel kanskje ikkje den klokaste avgjerda han har tatt, seier Herlof Nilssen.

Direktøren kjøpte mellom anna inn ti stolar med ein stykkpris på 9976 kroner, og ein sofa til 58.412 kroner.

Samstundes slit føretaket med dårlege senger, gamalt teknisk utstyr, nedslite venterom og millionunderskot.

– Det hadde heilt sikkert vore mogleg å få godt tenlege møblar til ein lågare pris, seier Herlof Nilssen.

Ikke svindyre eller jålete

Helse Førde er eitt av fem helseføretak eigd av Helse Vest. Herlof Nilssen strekar under at møbelkjøpa er ei sak for det lokale helseføretaket, og ikkje noko Helse Vest legg seg opp i.

Nilssen påpeikar likevel at designmøblar på sjefskontoret kan gje feile signal i ei tid med pengemangel i helsevesenet.

– Slik det no blir framstilt er ikkje dette noko god sak for oss, seier Nilssen.

Jon Bolstad sjølv meiner designmøblane ikkje er nokon luksus.

– Det skal vere forskjell på direktørens kontor og kontoret til ein saksbehandlar. Dette er møblar som står i offentlege bygg og private heimar, og er verken svindyre eller jålete mote, seier Bolstad til Dagbladet.

Overfor avisa understrekar også Bolstad at administrasjonen ikkje har omdisponert pengar frå andre for å betale for møblane.

– Eg er ein kvalitetsbevisst person, og eg likar ikkje bruk og kast. Det er for lite kvalitetsbevisstheit i offentleg sektor.

Greit for Førde-styret

Styreleiaren i Helse Førde, Clara Øberg, synest derimot det er heilt ok med designmøblar på sjefskontoret.

– Møblane er ein del av ei fornying. Administrasjonen har ikkje gått ut over sine fullmakter eller budsjett, seier ho.

Ifølgje Øberg blei styret informert om at det var nødvendig å kjøpe inn nye møblar for å erstatte utslitne møblar frå 70-talet. Standarden la ikkje styret seg opp i.

– Det kan aldri bli ei sak for styret kva for stolar som skal kjøpast inn. Skulle vi blande oss inn i slike saker ville det bli mykje styrearbeid, seier Øberg.

– Feilprioritering

Bente Øien Hauge, koordinator i det landsdekkjande nettverket «Folkebevegelsen for lokalsykehusene», meiner det er ei feilprioritering å bruke 590.000 kroner på designmøblar samstundes som pasientar og pleiarar slit med senger som ikkje kan stillast i høgda.

– Det må vere fullt mogleg å finne kvalitetsmøblar til ein lågare pris, seier Øien Hauge, som også er leiar i aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus.

– Når administrasjonen i Helse Førde på førre styremøte var bekymra over at fødetilbodet i Lærdal er så dyrt, burde dei sjølve forstå at dette ikkje er den rette tida å handle dyre designmøblar.

EKSKLUSIVT: Walter Knoll-sofaen «Together» koster 58.000 kroner.
WALTER KNOLL