PER MARIFJÆREN

Tiltalen mot 42-åringen som er mistenkt for drapet på Anne Slåtten (bildet) i Førde i juni i fjor, var klar i går — godt ei veke før rettssaka startar.

Ifølgje påtalemakta har den 42-årige Sunnfjordmannen prøvd å valdta sjukepleiestudenten før han drap henne.

Enda i drap

Tiltalen går på forsettleg drap ved kveling, som saman med valdtektsforsøk får ei strafframme på 21 års fengsel. .

Av tiltalebeslutninga framgår det at gjerningsmannen drog Anne Slåtten inn i eit skogholt i Angedalsvegen i Førde, heldt henne fast under sterk motstand, slo henne i ansiktet/hovudet eller dunka hovudet hennar i bakken, trakk ned brysthaldaren hennar og kyssa og/eller befølte brysta hennar og prøvde å dra av henne buksene.

Påtalemakta meiner såleis at det dreier seg om eit overfall og valdtektsforsøk som enda i drap på grunn av den sterke motstanden gjerningsmannen møtte.

Hugsar ikkje natta

42-åringens forsvarar, advokat Ivar Blikra, seier til Bergens Tidende at han konstaterer at påtalemakta no held oppe det synet dei har stått ved heilt sidan den dagen dei pågreip og sikta klienten hans i fjor haust.

— Dermed har dei no tatt ut ein tiltale som det ikkje finst bevismessig dekning for, seier Blikra, som ikkje vil utdjupe denne påstanden ytterlegare i forkant av rettssaka.

Ifølgje Blikra kjem klienten ikkje til å erkjenne straffeskuld i retten, og såleis stå ved den forklaringa han har halde fast ved heile tida som sikta.

42-åringen har fortalt at han var så full at han ikkje hugsar særleg frå natta og morgonen 6. juni i fjor da drapet på den 22 år gamle sjukepleiestudenten skjedde.

DNA sentralt

Det er særleg funna av tiltaltes DNA på offerets høgre bryst og inni brysthaldaren som lenkar den tiltalte til ugjerninga.

Men forsvararen har slett ikkje vore nøgd med at politiet har unnlete å gjennomføre rettsgenetiske granskingar av heile 70 funn som vart gjort på og like ved den avdøde. Dei siste månadene har han kjempa for at påtalemakta skal få dette utført. Pr. i dag er han framleis ikkje nøgd med det som ligg på bordet.

— Omsider har dei akseptert at alle funn gjort på avdøde skal vere undersøkt innan rettssaka startar, seier Blikra. - Likevel har vi enno ikkje sett resultata av åtte-ti funn som vart bebuda ferdig analysert i veke 1.

Blikra meiner at alle funn på marka rundt tiltalte også burde vore analyserte, ikkje berre funna som er gjort på sjølve den avdøde.

Under rettssaka som startar 31. januar i Førde får Blikra assistanse av advokatfullmektig Bjarte Buanes. På motsett side stiller aktoratet med statsadvokat Jogeir Nogva, politiadvokat Sissel Kleiven og førstebetjent Dag Øyen.

Dei etterlatne etter Anne Slåtten er representert av bistandsadvokat Rune Tysse, medan tingrettsdommar Terje Mowatt skal administrere retten.