— Vi er veldig bekymra, seier ordførar og elveeigar Olav Wendelbo til Bergens Tidende. - Signala vi har fått tolkar eg dit at Direktoratet for Naturforvaltning (DN) er i ferd med å gjere omprioriteringar. Og at vi står tilbake som taparen.

I DN vil dei ikkje kommentere opplysningane om at det meste som var planlagt å skje i Lærdal i år, er lagt på is.

— Akkurat i desse dagar pågår det ein del møte der vi skal bestemme kva som skal skje i sommar, seier førstekonsulent Gunnbjørn Bremset. Og legg til at før dette er avklara ønskjer ikkje direktoratet å kommentere opplysningane.

Stoppar aluminium

Men frå andre kjelder får Bergens Tidende stadfesta at direktoratet alt har gitt beskjed om at eit storskalaforsøk med aluminium for å rydde ut lakseparasitten er stoppa.

— DN meiner Lærdalselvi er for stor, og vil heller prøve metoden ut i eit mindre og meir oversiktleg vassdrag. Truleg bli dette Batnfjordselva nord for Molde, opplyser seksjonsleiar Tor Atle Mo ved Veterinærinstituttet.

Mo er medlem i ei prosjektgruppa som har prøvd ut ein metode basert på tilsetjing av svake metalløysingar til elvevatnet. Forsøka som blei gjort med dette i Lærdal i fjor syner svært lovande resultat. Aluminium ser ut til å vere eit effektivt middel. Metallet tek livet av gyroen, medan laks, aure og andre organismer overlever. I motsetnad til ved bruk av giftstoffet rotenon, som drep så godt som alt liv når det blir sleppt ut i ei elv.

For lite pengar

Planen har vore å gjennomføre ei kombinert behandling av elva. I kombinasjon med å tilsetje aluminium til elvevatnet, skulle det byggjast fleire sperrer for å hindre laksen i å ta seg opp i vassdraget. Saman skulle dette føre Lærdal tilbake til statusen som «dronninga av lakseelvane». Men i følgje ordførar Wendelbo ser det heller ikkje ut til å bli bygging av sperrer i år.

— Signala vi har fått går på at direktoratet ikkje har nok pengar, seier ordføraren.

Til Bergens Tidende seier Tor Atle Mo at dette er opplysningar han ikkje er kjend med.

— Men er dette korrekt, kan det vel vanskeleg tolkast annleis enn at Lærdalselvi er i ferd med å bli prioritert ned. Det vil i så fall vere svært uheldig, ikkje minst i forhold til det svært sterke engasjementet som har vore i Lærdal for å byggje opp at laksestammen i elva.

Rett til statsråden

Leiar i Lærdal elveeigarlag, Knut Eltun, seier dei ikkje vil gje seg utan sverdslag.

— Det som skjer no er deprimerande. Det har vore eit sterkt lokalt engasjement rundt elva. Dette fryktar eg kan bli redusert når alt no dreg ut i tid.

Til Bergens Tidende seier Eltun at også han har forstått det slik at mangel på pengar gjer at arbeidet med å redde Lærdalslaksen blir prioritert ned. Elveeigarane vil no ta dette opp med Miljøverndepartementet.

— Vi kjem ikkje til å gje opp. Børge Brende har sjølv vore i Lærdal, og sett seg inn i problemstillingane. Vi kjem til å ta dette direkte opp med statsråden, seier Eltun.