I retten i går erkjende 54-åringen så godt som alle dei faktiske omstenda tiltalevedtaket er bygd på. Samtidig inntok han ei totaloffer-rolle, og nekta dermed straffeskuld på alle sentrale tiltalepunkt.

— Eg skulda dei pengar, og dei truga med å drepe meg, sa han i si forklaring for Sunnfjord tingrett.

Hundre prosent rente

Den 54 år gamle spania-nordmannen har ein over gjennomsnittleg turbulent bakgrunn. Blant anna ein svindel mot danske Jyske Bank, der britiske High Court i 1997 dømde han og ei rekke andre som erstatningspliktig. Dette medførte at da norsk Høgsterett slo 54-åringen personleg konkurs i 2002, var dei samla krava oppe på 113.919.963 kroner og 77 øre.

I forklaringa i Fjordane tingrett i går var det nok ein gong turbulent forretningsførsel og akutt pengemangel som var bakteppet.

Tiltalte var i pengemangel under ei langvarig forsikringssak på 90-talet. Men i Høgsterett tapte han forsikringssaka, fekk ingen erstatning og sat i gjeldsklemma, forklarte han.

Det 100.000 dollar store private lånet han tok opp, fekk etter kvart tvilsomme eksistensar inn på kreditorsida. Renta var først 50 prosent, deretter hundre.

Minst 100 falske vognkort

I retten snakka tiltalte om press frå både russisk mafia, marokkanske kriminelle og spanjolar med kontaktar langt inn i politiet.

— Dette var folk som ikkje leika butikk. Eg var livredd, forklarte 54-åringen i retten.

— Det var ingen å gå til, eg måtte gjere som dei sa for å unngå represalier.

Dermed måtte han medverke til at bilar i Spania fekk falske papir frå andre land, blant anna Norge. Ut frå dette vart dei registrerte på ny i Spania.

— Eg lagde ein kladd til dei ut frå nokre gamle norske vognkort, med nummer og fiktive namn. Ut frå dette fekk dei vognkorta produsert. Etter kvart vart det meir og meir, sa 54-åringen, som meinte at han har medverka til å lage minst hundre slike falske vognkort.

I Spania var fleire av dei andre mistenkte i bilbanden under etterforsking, men så langt skal det vere berre ein finsk statsborgar som er sikta.

Truga hjå lensmannen

Eter stadig nye trugsmål og press for å betale, fekk tiltalte nok og stakk til Norge i hui og hast desember 2002. Det var da han fekk flytta heim kontortinga sine at Tollvesenet avdekte den fatale bagen innehaldande falske vognkort, bilskilt, stempel og cd-rom med matriser til norske vognkort.

I retten forklarte 54-åringen at trugsmåla heldt fram i Norge, pr. telefon, e-post og faks.

— Eg vart attpåtil truga medan eg sat i avhøyr hos lensmannen i Eid, sa 54-åringen. Da Eid-lensmann Vebjørn Moa vitna litt seinare, stadfesta han episoden.

— Han vart truga medan han var på mitt kontor. For meg såg det ut som om han var livredd, sa lensmannen i retten.

Både i politiavhøyr og i retten i går forklarte 54-åringen at bagen med falskneri-materiellet må ha blitt planta i flyttelasset hans.