Det er eit av forslaga frå eit utval som i går leverte sine forslag til kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV).

Undersøkingar har vist at ein av fire ungdommar ikkje kjem seg gjennom vidaregåande opplæring. 60 prosent av dei som klarar det, bruker lengre tid enn normert.

Målet må vere at 90 prosent av elevane som startar vidaregåande opplæring i 2008 skal få kompetanse på vidaregåande nivå, meiner utvalet.

Tanken er at elevar skal kunne få eit praksisbrev i stadenfor eit fagbrev etter dei to åra i arbeidslivet og ein teorietisk bit.

Utvalet vil også styrke karrière-rettleiinga i skulen, og gje elevane ein eigen karrièreplan. Ressursane til dagens rettleiingsteneste i skulen er ikkje mykje auka på 20 år.

Både elevar, arbeidstakarorganisasjonar og NHO har delteke i arbeidet. Øystein Djupedal vil ikkje seie kor mykje pengar han vil setje av til tiltak.

— Samfunnet er ikkje tent med at mange elevar går inn i eit utdanningsløp som fører til at dei kjem ut utan kunnskapar. Difor er vi innstilt på å gjere endringar som er nødvendige for at ungdom skal lukkast, seier Djupedal.