I eit lesarinnlegg i gårsdagens Sogn Avis skriv fylkesleiar Jon Faresteveit at attgroinga av kulturlandskapet er ei naturleg utvikling.

— Den har vel heller ikkje berre negative sider. Meir vegetasjon vil binde meir karbondioksid, og det er ei føremon med tanke på drivhuseffekten. Vegetasjonen er også ein ressurs, eksempelvis som bioenergi, skriv Faresteveit.

Han meiner årsaka ikkje berre er å finne i utviklinga i landbruket, men også skuldast klimaendringar.

— I mange tilfelle er det uheldig. Dei fleste av oss likar å kome til ein vakker stølsvoll eller ei gammal slåttemark. Men det er berre naturen som tek att det «tapte», meiner Farestveit.

Han meiner fokus i sterkare grad bør rettast mot fossane som forsvinn på grunn av kraftutbygging, og trur dette har langt større negative effektar for norsk turisme.