Politimannen fekk først ei bot på 2000 kroner for å ha køyrt for fort, men statsadvokaten har no trekt tilbake bota fordi speedometeret i bilen var feil.

Men i dag fortalde ein mann til NRK Sogn og Fjordane at det var eit under at det ikkje gjekk gale. Vitnet blei forbikøyrd av politibilen.

Deretter såg han politimannen føreta ei ny forbikøyring, denne gongen av ein bil med campingvogn.

— Han køyrde forbi i ein uoversiktleg sving. Ein annan bil kom mot, og det var så vidt politibilen greidde å smyge seg inn mellom. Eg har aldri sett ei så halsbrekkande forbikøyring, fortel mannen.

Vitnet har fortalt politiet kva han opplevde, og meiner avgjerda om å trekkje tilbake bota stiller både politi og påtalemakt i eit underleg lys.