— Loggen viser nok litt mer bråk enn en normal helg i Sogndal, men for fylket totalt er det mer på det jevne, sier operasjonsleder Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kl 0030 Rusa person, Florø

Melding om overstadig rusa person som låg på fortau i Florø sentrum.Ein ungdom i tenåra vart kjørt til bustad.

Kl 0108 Feststøy, Førde.

Melding om bråk frå ein fest på ei adresse i Førde. Politiet reiste til staden. Musikken vart dempa.

Kl 0203 Ordensuro, Sogndal

Meldining frå ein mann at han var slått til inne på ein serveringsstad i Sogndal. Han vil melde hendinga.

Kl 0214 Ordensuro, Leikanger.

Melding om uro ved ein serveringsstad i Leikanger. Politi reiste til staden.Ein gjest i 20-åra hadde vore til sjenanse og kasta ut frå serverinsstaden. Han vert politimeldt for hendinga.

Kl 0226 Ordensuro, Sogndal

Melding om at ei kvinne var slått til av ei anna kvinne inne på ein serveringstad i Sogndal. Ho vil melde hendinga.

Kl 0245 Urinering, Førde

Ei jente i slutten av tenåra vert politimeldt for urinering i Førde sentrum.

Kl 0301 Ordensuro, Sogndal

Melding om ordensuro utanfor ein serveringsstad i sogndal senturm. Då politi kom til staden var der roleg.

Kl 0305 Ordensuro, Florø

To menn i 30 og 40- åra vart innsett arrest etter ordensuro i Florø sentrum, då dei ikkje etterkom pålegg om å fjerne seg, samt å oppgi personalia til politiet.

Kl 0320 Rusa person, Sogndal

Ein rusa mann ringte politiet og ba om bistand. Han var ikke i stand til å finne ut kvar han var. Politiet fant mannen kald og rusa i sentrum. Han vart kjørt til bustad.

Kl 0320 Lekamskrenking, Sogndal

Ein ungdom i slutten av tenåra vart sparka i andletet i Sogndal sentrum av ein annan ungdom. Forholdet vert politimeldt.

Kl 0339 Ordensuro, Måløy

Melding om ordensuro utanfor ein serveringsstad i Måløy. Politiet tok hand om ein overstadig rusa mann i 20-åra.

Kl 0400 Promillekøyring, Stryn.

Ein mann i 30-åra vart stansa av politiet, mistenkt for promillekøyring. Han vart teken med til lege for blodprøvetaking. Førarkort vart kverrsett.

Kl 0726 Trafikkulykke Fv 60, Innvik

Melding om bil som har kjørt utfor vegen i Innvik. 2 personer i bilen. Ambulanse og politi er på veg til staden. Skadeomfang er førebels ukjent.

Oppdatert kl 0745