— Vi har registrert at det byrja å brenne på to stader samstundes. Derfor trur vi brannen er påsett, seier lensmann Jan E. Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor til Bergens Tidende.

Politiet held alle moglegheiter opne, og kan ikkje seie om dei trur brannstiftaren finst blant bebuarane, eller i lokalmiljøet.

— Vi har ingen opplysningar om at det skal vere spesielle konfliktar mellom asylsøkjarane og lokalmiljøet som kan forklare hendinga, seier Fosse.

Roleg på mottaket

— Var det uro på mottaket før brannen starta?

— Nei, ikkje det vi kjenner til. Nokre av bebuarane sat oppe og såg tv, seier Fosse.

Saka har høgste prioritet hos lensmannen. I dag får han hjelp frå kriminalteknikarar i Hordaland politidistrikt.

BT kjenner til at brannen starta i to ulike rom i kjellarlokalet, og at det skal vere gjort funn som styrkjer politiet sin teori om at brannen er påsett.

— Vi står overfor ei særs alvorleg sak. Det bur 95 personar på mottaket. Dei fleste sov då brannen starta, seier lensmannen.

— Vi vil gjerne vite kven som gjorde dette, og ønskjer at vedkomande får si straff. Det handlar om ein farleg person som sette mange menneskeliv i fare. Det kan ikkje aksepterast, seier asylsøkjarane Mohamed Mead Bare (23) og Yassin Noor Dugseiye (27) til BT.

- Mykje røyk

Dei to somaliarane fortel om sjokkerte bebuarar som vart vekte midt på natta av dei som først oppdaga brannen.

— Det var skrik og skrål og ungar som grein, men ingen panikk. I korridorane var det mykje røyk, men med god hjelp frå brannfolka kom alle seg greitt ut gjennom dørene, fortel Mohamed Mead Bare.

Dei 95 asylsøkjarane kom seg over til nabobygget Husnes Hotel, der dei oppheldt seg til søndag ettermiddag. Kjellartrappa var i går avstengt med polititape, og det lukta svidd i gangen ved mottakets resepsjon.

Mohamed og Yassin har budd i eitt år på mottaket, og har berre godord å seia om asylsøkjarane sitt forhold til lokalmiljøet.

— Folk på Husnes har alltid vore greie med oss, seier dei to somaliarane.

Mordbrann

Den eller dei som står bak vil kunne bli sikta for forsøk på mordbrann. Det har lovas strengaste straff, 21 års fengsel, som strafferamme.

Brannen vart meldt til politiet ved 03.30-tida. Det var bebuarar på mottaket som sjølve meldte frå. Desse oppheldt seg i tv-stova.

— Dei kontakta først politiet og brannvesenet, så starta dei sløkkingsarbeidet. Rask innsats frå dei hindra at brannen fekk gjort større skadar, seier lensmannen, og fortel at det dreier seg mest om røyk- og vasskadar.

— Skadane var ikkje større enn at bebuarane kunne flytte tilbake søndag formiddag, seier Fosse.

Ein kvinneleg asylsøkjar vart sendt til sjukehus med mistanke om røykskadar, men vart etter kort tid sendt tilbake til mottaket.

Går døgnvakt

Først etter at teknikarane er ferdige med sitt arbeid, vil politiet starte rundspørjing av bebuarane.

Den dramatiske hendinga natt til i går har sjølvsagt skaka opp dei som bur på mottaket.

— Vi gir alle som ønskjer det sjansen til å snakke med helsepersonell, seier dagleg leiar Jens Martin Fotland ved Husnes Mottak til BT. Han vil ikkje kommentere politiet sin teori om at brannen er påsett, men legg ikkje skjul på at situasjonen er vanskeleg.

— Vi har innført døgnbrannvakt for å halde betre kontroll. Vi har ingen garanti for at dette ikkje kan skje igjen, seier Fotland. Han fortel at personalet det siste døgeret har brukt mykje tid til å snakke med asylsøkjarane.

— Mange av dei som kjem hit har ein tung sekk å bere på frå før av. Å oppleve ein brann som denne, er derfor særs dramatisk, seier Fotland.

Dei 95 personane som i dag er på mottaket kjem frå 14 nasjonar. Nokre er nett komne til Husnes, andre har vore der ei stund, medan andre alt har fått avslag på sine asylsøknader.

— På mottaket har vi menneske med heilt ulik bakgrunn og dagssituasjon. Det er sjølvsagt ei stor utfordring for oss å handtere, men vi har ikkje hatt særleg med konfliktar av den grunn, seier Fotland.

— Dersom det viser seg at brannen er påsett av ein av asylsøkjarane på mottaket, kva følgjer vil det få?

— Eg vil ikkje spekulere i det no. Det er politiet si oppgåve å løyse denne saka, seier Fotland.