• Hadde eg ikkje blitt pågripen av politiet, så hadde eg ikkje vore i live i dag, sa den drapstiltalte Hassan Samriye Hashin da forsvararen hans spurte han ut i retten i ettermiddag.

Hashin skildra månadene på flukt i Nederland som eit reint helvete, og skildra seg sjølv som totalt desorientert i denne perioden.

— Eg visste ikkje ein gong kvar eg var. Klokka 03 om natta var eg midt på motorvegen, og bilane måtte stoppe for ikkje å kjøre på meg, forklarte han.

— Eg brydde meg ikkje om livet, fordi eg hadde gjort eit forferdeleg brotsverk som kjem til å forfølgje meg for resten av livet.

Hashin streka under at sjølvmordstankane ikkje er eit resultat av frykt for straffa som ventar i Norge.

— Eg ønskjer ikkje å leve vidare, og det er berre på grunn av det eg gjorde mot Hedda.

<b>I RETTEN:</b> Rettssaka etter Sogndal-drapet starta i Sogn tingrett mandag. Fra venstre: politiadvokat Knut Broberg, aktor Bjørn Kristian Soknes og forsvarar John Knapstad.
Øystein Torheim