— Varetektsavdelinga ved Bergen landsfengsel vart bygt opp på grunnlag av eit behov-overslag frå politimeisteren i Bergen, seier rådgjevar Johan Berg i kriminalomsorgsavdelinga i Justisdepartementet. Den nye avdelinga vart opna sommaren 1999, og Bergen landsfengsel har i dag 60 plassar reservert varetektsfangar.Berg innrømmer at departementet ikkje har greidd å forutsjå den vanskelege situasjonen som har oppstått.

Auke på 15 prosent - Vi ser at bruken av varetekt har auka. Frå 1995 til 1999 gjekk talet på innsettingar opp med 15 prosent, seier Berg. Sjølv om snittlengda på fengslingane har gått litt ned, veg ikkje dette opp.Stenginga av fengselet i Stavanger og delar av Oslo kretsfengsel - begge stader på grunn av nødvendig oppussing - har gjort at det blir ekstra knapt med plassar.Dessutan viser statistikken store variasjonar i behovet: Talet på varetektsfengslingar i 1999 varierte mellom 41 og 119 per veke.- Vi håpar situasjonen vil betre seg noko når vi får opna opp igjen alle plassane som i dag er stengde, seier Berg.

Nei til to Det er ikkje berre for varetektsfangar det er dårleg kapasitet: Per 1. desember i fjor stod 1297 personar i kø for å sone ordinære, rettskraftige dommar, ifølgje Dagbladet. Rådgjevar Berg har ingen sans for ønsket frå politiet i Bergen om å setje to varetektsfangar på same cella.- Dei cellene eg har sett er for små, rett og slett, seier Berg. Leiinga i Bergen landsfengsel er av same meining, og Berg viser til at dei europeiske fengselsreglane er restriktive når det gjeld å setje to fangar på same celle.