I ei pressemelding som blei send ut ved middagstider skriv politet at det ikkje er funne spor etter brannfarleg væske. Politiet har brukt spesialtrena hundar for å leite etter slik væske. Brannårsaka har politiet derimot førebels ikkje funne.

Opplsyningane styrkar etter alle solemerke den sikta 41-åringens sak.

I pressemeldinga stadfestar også politiet opplysningane i dagens utgåve av Bergens Tidende om at 37 år gamle Irene Johansen og den ni år gamle sonen Markus døydde av kolosforgiftning. Detter er konklusjonen i obduksjonsrapporten frå Gades Institutt.

— Desse opplysningane gjer at politiet ikkje lenger har noko sak mot klienten min. Dei må no forlate teorien om at brannen var påsett, seier forsvarar Walter Høivik til Firda.

— Dette viser at brannen ikkje var påsett utvendig, og det har heller ikkje vore kasta ei brannbombe inn i huset. I så fall ville eit av vindauga vore knust, og det var det ikkje etter det eg kjenner til, legg han til.

Forsvararen reknar med at politiet i løpet av kort tid vil leggje vekk saka.