Innbyggjarinitiativet, med Ottar Byrkjeland i brodden, og ei lang underskriftsliste i ryggen, meiner framleis at tunnelen mellom Norheimsund og Øystese ikkje må byggjast, og at kvar bompassering i Kvammapakken kan reduserast til ti kroner.

Etter at initiativet vart avvist i vår, har entreprenørane grave og sprengt ei stor hole på Øystese-sida, og boreriggen er komen nokre meter inn i fjellet.

— Ein saueflokk

Fylkesmannen etterkom ikkje kravet for klagande heradsstyremedlemer om arbeidsstopp under klagehandsaminga. Dermed var tunnelmunningen alt på plass då heradsstyret i går skulle uttala seg om klagen. Berre fem av 27 ber Sponheim seia stopp no.

— Heradsstyremedlemene er som ein saueflokk. Dei diltar etter bjøllesauene, ordførar Astrid Farestveit Selsvold, varaordførar Oddvard Brakestad og tidlegare ordførar Martin Vik, seier Byrkjeland.

— Det er berre sprengt ut nokre kvadratmeter. Her kan det bli industritomt, som det tidlegare var regulert til, seier Reidar Tolo, innbyggjarinitiativet sin taleføre talsmann i heradsstyret.

Men først leverte han ein tirade mot tidlegare ordførar Martin Vik, som han meiner er soleklart ugild, og har tent store pengar på vedtak han skulle ha halde seg unna.

- Van med svertinga

— Var dette sårande, Vik?

— Vel, eg er etter kvart blitt van med denne svertinga, men det tek seg neppe bra ut, utad. Kommuneadvokaten si frikjenning har ikkje kome godt fram. Som ugild kunne eg ikkje ta til motmæle i dag, og ingen andre gjorde det heller, kommenterer Vik.

Forhandlingane vert overført direkte i nærradioen.

— Det er heilt uaktuelt å stogga arbeidet med tunnelen, eller andre deler av Kvammapakken. Stortinget sitt vedtak ligg til grunn, og det er inngått avtale med vegeigar Hordaland fylkeskommune. Innbyggjarinitiativet rikkar ikkje ved dette, seier varaordførar Oddvar Brakestad, som også er dagleg leiar i bompengeselskapet.

FYLKESMANN: Lars Sponheim. ARKIVFOTO: Rune Sævig