I fjor haust kunne Sissel Nybø Berven stolt sjå regnkåpene sine fylle stativa i butikkar i Bergen, Oslo og Trondheim. Alt såg bra ut til ho i førre veke fekk seg ei lite gledeleg overrasking.

– Eg oppdaga at eg hadde blitt plagiert då nokre kjentfolk viste meg ei kåpe. Dei hadde kjøpt kopien, men trudde det var originalen.

Halv pris

Kopien venene hadde kjøpt var av merket Zavanna og er produsert av Skiselskapet Inter-Sun. Den blir seld i fleire butikkar i Bergen og resten av landet.

Originalen, med merket Coater, blir seld i butikkane Twister, Vrimmel og Nougat i Bergen. Både originalen og kopien finst i tre fargar.

– Den eine av dei er heilt lik, heilt ned til kvar minste saum. Dei er lette å forveksle, og då må det vere ein del kundar som tek kopien i staden for originalen, seier ho, og viser oss to rosa regnkåper det knapt er mogleg å skilje frå kvarandre, utanom merkenamnet.

Ein annan forskjell er at Inter-Sun har kopiert fjorårsfargane. I år kjem Berven si kåpe i grøn-grå og brun.

Zavanna-kåpene kostar rundt halvparten av Berven sine kåper, som ligg på 1900 til 2000 kroner. Men ho voner og trur at kundane vil sjå at originalen òg har betre kvalitet.

Slåst mot storselskap

Berven driv ikkje akkurat noko storbedrift. Det første året har ho seld rundt 250 kåper.

Selskapet ho meiner no har plagiert henne har til samanlikning over 100 millionar kroner i årleg omsetning.

For ei veke sidan, same dag som ho oppdaga kopien, sendte Berven brev til Inter-Sun og butikkane som selde kåpa i Bergen. Ho vonar selskapet no vil trekkje tilbake kopiane.

Dagleg leiar og eigar av Inter-Sun, Jens Bo Grønne, seier til BT at han ikkje kjenner til saka, og difor ikkje kan kommentere påstandane om plagiat.

HALV PRIS: Slik ser Zavanna-jakken ut. Mistenkelig lik Bervens Coater-jakke.
ORIGINAL: Slik ser Coater jakken - og dens skaper, Sissel Berven - ut.