EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Dersom du har pådratt deg så stor gjeld at du ikkje er i stand til å gjere opp for deg, er det ein klar fordel om du er busett i Oslo framfor Bergen.Gjeldsoffer-Alliansen (GOA) har gått igjennom alle gjeldsoffer-saker ved namsrettane i Oslo og Bergen i 1993-1999, og tala er ikkje til å misforstå:I Bergen nekta namsretten å innføre tvungen gjeldsordning i 43,1 prosent av sakene. I Oslo vart det same gjort i berre 12,2 prosent av tilfella.

— Uheldig med forskjellar Gjeldsordningslova vart innført i 1993, og skal hjelpe folk som har store og varige gjeldsproblem med å få styring på økonomien. I utgangspunktet skal gjeldsofferet ha 85 prosent av minstepensjon til livsopphald. Etter fem år vil - etter hovudregelen - alle krav det ikkje finst pantesikkerheit for bli sletta.

— Forskjellane mellom Oslo og Bergen er større enn eg hadde trudd. Det er uheldig at lova blir praktisert forskjellig, seier førstebyfogd Arne Arvid Rasmussen i Bergen.Han trur kulturforskjellar mellom Aust- og Vestlandet har mykje av skulda.

— Den vestlandske tradisjonen tilseier at alle skal betale gjelda si. Bedehuskultur, pietisme og nøysemd har stått sterkare her enn austpå - min teori er at noko av dette heng att, og at dette gjer det vanskelegare å få tvungen gjeldsordning her enn i Oslo, seier Rasmussen. Det er også vanskelegare å få ein femårsavtale i Bergen enn i Oslo. I Oslo fekk 69,2 prosent av alle gjeldsoffera avtale om sletting av gjelda etter fem år. I Bergen er andelen berre det halve - 33,8 prosent.

"... direkte forstemmende" I alt var det 485 gjeldsoffersaker ved namsretten i Bergen frå 1993-1999, medan Oslo hadde 1163. Gjeldsoffer-Alliansen (GOA) er alt anna enn begeistra for den strenge bergenspraksisen.

"Det er direkte forstemmende når moralske hensyn, det straffende, blir viktigere enn skyldnerens behov for en ny start", skriv Bengt Scheldt i GOA i ein kommentar til undersøkinga.

Det har også tidlegare vore peikt på forskjellsbehandlinga mellom landets to største byar. Førsteamanuensis Bjarte Askeland ved det juridiske fakultetet på Universitetet i Bergen gjekk i 1995 igjennom eitt års praksis, og kom til same konklusjon.

- Dårleg lov - Det har vore ei viss utjamning sidan den gongen, men altså ikkje så stor som eg trudde, seier førstebyfogd Rasmussen. Han har ingen gode oppskrifter på korleis skeivheitene kan rettast opp.

— Sakene kan førast inn for lagmannsretten, men det kan sjå ut som Gulating lagmannsrett i Bergen og Eidsivating lagmannsrett i Oslo også forstår lova ulikt, seier Rasmussen. Og så langt som til Høgsterett når svært få slike saker.Rasmussen meiner utforminga av lova må ta mykje av skulda.

— Lovteknisk er ho dårleg. Ho legg opp til stor bruk av skjønn, og er lite presis, seier førstebyfogden.

Dette blir det arbeidd med å rette opp: Lova skal reviderast, og eit lovutkast med meir detaljerte retningslinjer har allereie vore ute på høyring.