• FOTO: Odd E. Nerbø

Paul Marcel Malemo (22)

- Det er 11 år sidan søstrene mine, mamma og eg kom frå Kongo til Voss. No har eg nett flytta til Bergen for å studera til arkitekt. Draumen min er å teikna og oppføra noko som ingen har sett før. Gjerne eit monumentalt museum, eller kanskje ei genial vegløysing. Det må vera noko som gjer Bergen til ein betre by for folk.