Ambulansen var tilkalla, og legen låste opp utgangsdøra. Så gjekk pasienten til angrep på den vakthavande legen, ifølgje kommunelege Kan Shanker i Bremanger kommune.

Episoden skjedde ved helsesenteret i Svelgen, første juledag rundt klokka 18.30, skriv Fjordenes Tidende.

– Heilt umotivert, gjekk han laus på både legen og ambulansepersonellet. Legen blei heilt mørbanka før han klarte å rømme, seier Shanker til bt.no.

Mannen skal ikkje ha vore alkoholpåverka.

Den middelaldrande mannen har blitt lagt inn på psykiatrisk avdeling ved Helse Førde. Derfor ønskjer ikkje politiet å uttale seg.

No vil kommunelegen sjå på rutinane.

– Vi har i mange tilfelle opplevd at pårørande avdramatiserer situasjonen, slik at helsepersonell ikkje koplar inn politiet. Den tida er det slutt på no. Har vi den minste mistanke, blir politiet tilkalla, seier Shanker.

Mannen knuste også den vakthavande legens nykjøpte bil – og ei glasrute på helsesenteret.

– Til saman er det øydelagt for fleire hundre tusen kroner, seier kommunelege Shanker.