HILDE KRISTIN STRAND

— Me må reisa, seier Leonie Schwarz. Alarmen har gått på nytt og saman med Lars Amdar og Mimmi Lunde skal Schwarz på nytt oppdrag. Bergens Tidende har avtalt å treffa redningsmannskapet som frakta 11-åringen til Haukeland i luftambulanse onsdag. Det tek ikkje lang tid før dei må springa. Schwarz er på jobb fem dagar i strekk, medan Amdar og Lunde har vakt i ei veke.

— Ingen dagar er heilt rolege, seier dei. Tre-fire minutt tek det vanlegvis frå alarmen går til helikopteret frå Norsk Luftambulanse er i lufta.

Utstyret på plass att

Tidleg torsdag ettermiddag har Lunde og Schwarz gått over helikoptret og sjekka at alt er klart for nye oppdrag. Siste rest av utstyret som tilhøyrer Luftambulansen i Bergen har kome på plass att. Noko av det vart henta på jarnbanen.

— Guten låg i pulk, noko som er meir plasskrevjande enn ei vanleg båre. Difor fekk me ikkje plass til alt utstyret i helikopteret. I slike tilfelle har me avtale om at andre tek det med for oss, for sjølvsagt er pasienten det viktigaste, seier dei tre.

- Nedkjøling går ofte bra

— Når alarmen går jobbar me målretta, seier Lunde.

— Denne gongen ser det heldigvis ut til at det har gått bra med guten. Difor er me veldig letta i dag. Det er ikkje etter alle redningsaksjonar me er det.

— Kjenslene kjem i etterkant, og me vert litt utlada, seier Schwarz.

— I går kveld fekk me telefon frå sjukehuset om at det gjekk betre med guten. Me har difor hatt ei roleg natt og fått sove godt.

— Dersom ein overlever nedkjøling og har fått nok oksygen undervegs, vil ein koma frå hendinga utan skadar. 80 prosent av alle som har vorte sterkt nedkjølte overlever, seier Paul Husby, professor i anestesi og intensivmedisin ved Universitetet i Bergen.

Får ein nok oksygen når ein er kald vil stoffskiftet i kroppen verta redusert og krevja mindre oksygen.

NYE OPPDRAG: Lege Leonie Schwarz måtte på nytt luftambulanseoppdrag knapt eit døger etter at ho var med å redda 11-åringen som vart teken av snøras onsdag.