— Desse signala går i retning av nedlegging. Viss vi skal fokusera på rehabilitering og dagkirurgi, blir det eit reint distriktsmedisinsk senter, seier Nils Johan Ystanes, regionkontakt i Folkerørsla for lokalsjukehusa, til Hardanger Folkeblad.

I førre veke jubla sjukehusaksjonistane for Soria Moria erklæringa som gav dei gjennomslag for fleire viktige krav.

— Kampen er ikkje slutt, konstaterer Bente Øien Hauge, koordinator for Folkerørsla for lokalsjukehusa.

I regjeringserklæringa er det framleis ope for å gjera endringar i helsetilbod ut frå faglege årsaker.

— Det uroar oss. Me føler at krav til fagleg kvalitet blir brukt som vikarierande argument ved nedbygging av funksjonar. Det er fleire eksemplar på at dette ikkje har vore til det beste for pasientane, for eksempel ved omgjeringa av fødeavdelinga i Lærdal til ei fødestove, seier Hauge til BT.