• Så lenge turistane kan velje mellom hest eller bil, synest vi det er ok at det kjem eit nytt transporttilbod i Briksdalen.

Det seier direktør Elin Bolann i Fjord Norge AS, selskapet som skal marknadsføre Vestlandet i inn— og utland.

Da Bergens Tidende kontakta henne i går, hadde direktøren ingen kjennskap til at fjordingane i Briksdalen delvis skal erstattast av motorvogner. Heller ikkje det lokale reiselivslaget i Stryn kjende til saka.

2003 blir eit prøveår, og Bolann er skeptisk dersom den tradisjonsrike hesteskyssen skulle forsvinne heilt. Det velkjente bildet av hest og vogn på veg over brua i Briksdalen, med fossen i bakgrunnen, er nærast for eit ikon å rekne. Eit slikt bilete blir utnytta for alt kva det er verd i turistreklamen.

— Eg synest det vil vere synd dersom hesteskyssen skulle forsvinne heilt. Men vi må setje tryggleiken først, deretter må vi høyre på kundane. Seier dei det er greitt, er det greitt også for oss, seier Bolann.

— Overfor meg har skysslaget forsikra av dei vil ha 25 fjordingar i Briksdalen også i år.

Fjord Norge AS skal marknadsføre vest-Norge mot reisearrangører og publikum, og er eigd av offentlege og private aktørar.

— Briksdalen og breen er eit av våre nøkkelprodukt, seier Elin Bolann.